Difor taper gutane

Ferske tal viser at under halvparten av dei mannlege studentane hadde full studieprogresjon i fjor. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Menn taper i tilhøve til kvinnene på mange frontar. Kva er gale med den mannlege studenten?

– Det er eit tydeleg teikn heilt frå ungdomsskulen, menn fell i større grad frå vidare utdanning. Noko av forklaringa kan vere at kvinner er meir pliktoppfyllande og systematiske, seier Arne Mastekaasa, professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo.

Menn produserer langt færre studiepoeng enn sine medstudiner, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå. Berre 49,4 prosent av dei mannlege studentane til landet produserte 60 studiepoeng eller meir i fjor. Det tilsvarande talet for kvinnene er 55,1 prosent. Tala føyer seg inn i ei lang rekkje av ulike teikn som viser at gutane hamner bak jentene: Menn stryk mest, dei brukar for lang tid på studia, og fleire av dei fell frå.

Kvinneyrke krev utdanning
– Kvinner er flinkare til å studere på eigenhand, og treng nok oftare mindre oppfølging. Menn tenkjer kanskje òg i større grad at dei kan klare seg i arbeidslivet utan utdanning, meiner Mastekaasa.

Elisabeth Hovdhaugen er forskar innan høgare utdanning ved Nordisk institutt for studium av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU). Ho meiner kjønnssituasjonen i høgare utdanning heng saman med det kjønnsdelte arbeidsmarknaden her til lands.

– Yrke som sjukepleier og sosionom, der det er flest kvinner, krev høgare utdanning. Tilsvarande gjeld ikkje for typiske mannlege yrke: det er mogleg å bli både røyrleggjar og brannmann utan å ta vegen innom høgskule eller universitet, seier ho.

Dette speglar seg att i opptaka til høgare utdanning: 60 prosent av nye studentar er kvinner. Strykprosenten er heller ikkje lystig å lese for mennene: I 2010 strauk 34 prosent fleire mannlege enn kvinnelege studentar på eksamen. Hovdhaugen meiner forklaringa er enkel.

– Menn er overrepresentert innan realfag, og i desse faga er strykprosenten generelt høg. Innan humaniora, der jenter dominerer, er strykprosenten langt lågare, forklarar ho.

Menn blir professorar
Gutane droppar altså oftare studia, og stryk meir enn jentene. På toppen av utdanningspyramiden er likevel mannfolka suverene. Nesten fire av fem professorar er menn. Sjølv om dei i utgangspunktet er i undertal.

– I arbeidslivet kjem kvinner ofte i ein familiesituasjon som gjer at dei satsar mindre på karrieren. Kvinner vel gjerne å prioritere annleis, og kan tape i konkurransen med menn, sjølv når desse har dårlegare utdanning, meiner Mastekaasa.

Han viser til at menn ofte er overrepresentert både blant dei som får dei aller dårlegaste og dei aller beste karakterane.

– Det er ei velkjend sak at det er større variasjon blant menn, ein overrepresentasjon i det ekstreme i begge endar av skalaen. Om dette blir skulda sosialisering eller biologiske skilnader, veit vi ikkje, seier Mastekaasa.

Testosteroneffekten
Leif Edward Ottesen Kennair, psykolog og leiar for Psykologisk institutt ved NTNU, peikar på éin openbar skilnad mellom menn og kvinner: Testosteron.

– Testosteron er ein stor belastning for menn. Det gjer oss mindre immune mot sjukdomar, og vi døyr tidlegare. Samstundes aukar det sannsynet for konkurranseorientert åtferd.

– Men korleis virkar dette inn på utdanning?

LES OGSÅ: Sør- og Vestlandet minst likestillt

– Status. I omtrent alle samfunn rundt om i verda så finn ein at det er mennene som er mest status- og materielt orientert i livsførselen sin. Topp-prestasjonar innan akademia er gjerne knytt opp til konkurransementaliteten. Men kva for ein status har lågare gradss-utdanning i samfunnet i dag? spør Kennair.

Han fortel om alle klassekameratane som drog til Nordsjøen for å gjere seg feite heller enn å starte ein mindre lønnsom studietilvere.

– Dersom ein får meir status av å steile på moped heller enn å vere flink i matte, så vil gutar prioritere mopeden.

– Er menn verkeleg så enkle?

– Altså. Det blir sjølvsagt heilt feil å konkludere med at det er biologien som avgjer om ein blir professor. Det må presiserast at skilnadene innover i kjønna er mykje større enn skilnaden mellom kjønna. Men det finst småforskjeller òg mellom kjønna, som gjev storutslag på gruppenivå, og som kan vere ein av forklaringane til forskjellen vi ser mellom gutar og jenter, forklarar Kennair.

LES SAKA I UNIVERSITAS!