Førstemann til mølla

Kven skal ha retten til vinden på Jæren? Det skal Høgsterett avgjere til veka.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er lett å tru at Jæren har vind nok til alle, men slik er det ikkje. Høgsterett skal ta stilling til ei svært original sak 10. og 11. mai: Kan ein grunneigar stogge bygging av vindmøller tett innpå eigedomen sin, fordi møllene vil stele frå han vindenergi som han sjølv – i prinsippet – kunne ha utnytta?

– Eg forventar at Høgsterett skal sjå kva som er rett og kva som er gale. Dette er eit spørsmål om ein grunneigar skal ha råderetten over sin eigen eigedom, seier gardbrukar Ingolv Helland i Time kommune til Dag og Tid.

Den nye naboen hans på Høg-Jæren er eitt av Noregs største vindkraftprosjekt, Høg-Jæren Energipark ved Hellandsmyr i kommunane Time og Hå, med ein prislapp på 1,1 milliardar kroner. Halvparten er dekt av statsstøtte gjennom Enova.

17 av møllene er allereie reiste i skrivande stund. Helland ønskjer ikkje å stogge heile anlegget på 32 møller, det er dei seks næraste møllene han vil ha teke ut av planen. Både i tingretten og i lagmannsretten har Helland tapt, men no kjem altså saka opp for Høgsterett.

«Vindtjuveri»
Møllene på Jæren ragar heile 125 meter i vêret. Dei næraste møllene er planlagd reiste kring 50 meter frå eigedomen til Helland, som på si side krev at minsteavstanden blir 200 meter. I protestane sine mot dei høgreiste naboane har han vist til fleire moglege problem tidlegare, mellom anna støy frå møllene og fare for iskasting frå møllearmane, som har ein rotordiameter på 93 meter. Helland meiner vindmøllene vil gjere det vanskeleg å drive garden hans vidare.

Slik sett kan det verke paradoksalt at det i anken til Høgsterett er eit anna moment som er vektlagt sterkast: At dei næraste møllene vil gjere det umogleg å byggje vindmøller på hans eigen eigedom, fordi dei tek vinden frå han.

Professor Ove Tobias Gudmestad, som forskar på vindkraft ved Universitetet i Stavanger, har som sakkunnig gjeve Helland støtte i dette. Ei vindmølle tek naturleg nok mykje av energien ut av vinden, og slike møller bør difor ikkje liggje for tett på kvarandre om dei skal ha full effekt. I fråsegna si har Gudmestad vist til at det i Danmark er ein debatt om slik «steling» av vind: Selskapet Dong Energy meiner den nye havmølleparken til E. ON sør for Lolland tek for mykje av vindkrafta frå den eksisterande mølleparken til Dong, sjølv om det er tre kilometer mellom dei to parkane. Dong krev erstatning for vindtapet.

Sak for framtida
I havet utanfor Danmark er det energigigantar som kranglar. Striden på Jæren har meir av eit David og Goliat-preg: Gardbrukar Helland mot milliardprosjektet til Jæren Energi, der majoritetseigar er japanske Eurus Energy, eitt av verdas største vindkraftselskap. (Eurus er i sin tur eigd av Tepco, som òg eig det øydelagde Fukushima-atomkraftverket i Japan.)

Men det er òg ein annan stor skilnad på den danske og norske vindkraftstriden: Ingolv Helland vedgår at han slett ikkje har tenkt å setje opp vindmøller sjølv.

– Nei, eg har ikkje slike planer. Eg har det meste av livet bak meg, så denne saka fører eg for dei som kjem etter meg, om dei skulle vere interesserte i å satse på vindkraft. Men spørsmålet er ikkje om eg vil byggje vindmøller eller ikkje. Dette er eit spørsmål om eigedomsretten, seier Helland.

– Om du har ein gard, og vil ha høve til å dyrke gras, kan ikkje naboen krevje å få ta graset ditt.

– Korleis tolkar du det at Høgsterett vil behandle saka di?

– Det viser vel at ho er prinsipielt viktig. Det bør vere køyrereglar for vindkraft òg. No kan den som kjem først i gang, ta vinden frå naboen òg. Det er ein merkeleg eigedomsrett, seier Helland.

Det er ein kostbar kamp han fører. I lagmannsretten vart han dømd til å betale 230.000 kroner i sakskostnader for Jæren Energi, i tillegg til sine eigne kostnader.

– Kostnaden er ikkje avgjerande for meg. Det avgjerande er kva som er rett og kva som er gale, seier Ingolv Helland.

Mindre lønsamt
For Jæren Energi vil det vere ei betydeleg forringing av vindmølleparken om dei seks møllene må ut av prosjektet, som er kostnadsrekna til 1,1 milliard kroner. Da saka var oppe i tingretten i 2009, sa advokaten at ei slik endring ville redusere lønsemda så mykje at det var tvilsamt om prosjektet kunne realiserast. Sjølv om saka ikkje er endeleg avgjort, har Energi Jæren teke sjansen på å starte bygginga av parken uansett, men med ei utsetjing av dei seks omstridde møllene til Høgsterett har sagt sitt.

– Vi vann fram i tingretten og lagmannsretten, og vi håpar og trur at Høgsterett vil konkludere likt, seier dagleg leiar Lars Helge Helvig i Jæren Energi.

– Kor alvorleg vil det vere for Jæren Energi om de taper i Høgsterett?

– Dei seks møllene er del av prosjektet, og alle fellesinvesteringane er lagde opp til at dei skal vere med. Om dei ikkje blir sette opp, tyder det at området vil bli utnytta mykje mindre effektivt. Dei seks møllene vil produsere straum nok til to-tre tusen husstandar, seier Helvig.

Store konsekvensar
– Om vi ikkje får setje opp dei møllene, er det klart det vil påverke lønsemda ein del, utan at eg vil gå i detaljar.

– Ingolv Helland legg i anken vekt på at møllene dykkar vil hindre han i å lage vindmøller på sin eigen eigedom. Er det noko de har studert tilstrekkeleg?

– Vi meiner det ikkje vil redusere hans høve for å byggje ut vindkraft på sin eigedom.

– Professor Ove Tobias Gudmestad har gjeve Helland støtte i saka, og viser til at «steling av vind» er noko som blir debattert i andre land?

– Det har eg ingen kommentar til.

– Høgsterett vurderte saka som prinsipielt viktig nok til å behandle ho. Kva tenkjer du om det?

– Høgsterett må ha kome til at det er sider ved saka som har generell interesse. Ei rekkje vindprosjekt i Noreg er i ein tidleg fase no, og det vil få store konsekvensar for mange av dei om motparten vår vinn fram med sitt syn, seier Helvig.

Vind og vatn
Problemstillinga frå Jæren er ny i Noreg, men nabokranglar om vasskraftutbyggingar har det vore mange av. Og det er større likskapar mellom vasskraft og vindkraft enn ein kunne tru, meiner historikar Lars Thue ved BI, som har arbeidd mykje med norsk vasskrafthistorie. Han kjenner ikkje vindkraftsaka på Jæren, men synest dei prinsipielle sidene er interessante. Thue samanliknar problemstillinga med eit vassdrag der det er fleire grunneigarar.

– Byggjer du eit kraftverk langt oppe i elva, får det konsekvensar nedstraums. I vasskraftsamanheng har staten laga rammer for å handtere slike saker. Dei blir løyste gjennom brukseigarforeiningar der alle med interesse i vassdraget tek del, og saman finn den mest samfunnsøkonomisk fornuftige måten å utnytte elva på. Ekstrafortenesta til dei som byggjer kraftverk langt oppe i elva, må delast med dei som er nedanfor.

– Men vinden er overalt. Er da vindkrafta ein lokal ressurs?

– Ho er det òg. Eit vindkraftverk må alltid liggje på ein lokalitet. Vinden forsvinn like fort som han kjem, nett som vatnet. Men ressursen er dei korridorane som vinden kjem gjennom, seier Thue.

– Ein grunneigar ved ei elv har ikkje eigedomsretten til vatnet, heller. Det han har, er retten til å utnytte det vatnet som renn. Eig du elvebreidda, har du rett til å bruke vatnet. Og med vinden handlar det om kven som eig grunnen der vinden lèt seg utnytte.

– Om det var meir lokal eigarskap til vindkraftressursane ville det truleg vere med på å skape større aksept for dei lokale miljøpåverknadene òg?

– Det trur eg nok, ja. Det er lettare å akseptere støy frå noko som ein kan tene pengar på. Det er klart det er ulemper med å ha vindmøller i nærleiken. Om du har ein lokal eigarskap, og om vindmøller blir lønsame, vil det nok lette legitimiteten, seier Lars Thue.

LES SAKA I DAG OG TID!