Etterlyser fleire e-bøker til barn og unge
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– E-bøker for barn og unge er mangelvare på norske bibliotek, meiner utval for digital tilgang i Norsk Bibliotekforening. Utvalet føreslår at innkjøpsordninga for slike bøker bør utvidast.
Det blir vist til at vaksne lesarar har fått eit visst grunntilbod av e-bøker, mens dette ikkje er tilfelle for unge lesarar.
Medan 10 prosent av ny norsk skjønnlitteratur for vaksne som blir sendt ut til folkebiblioteka er e-bøker, er tilsvarande tilbod til barn og unge berre 5 prosent, fortel utvalet på nettsidene til Norsk Bibliotekforening.
Dette skjer trass i at barn låner meir enn fem gonger meir papirbøker enn vaksne,
Utvalet for digital tilgang meiner difor at talet på e-bøker i innkjøpsordninga for barn og unge bør utvidast.
– Vi meiner ein i det minste bør dobla e-bøker til 10 prosent slik som i ordninga for vaksne, heiter det.
Les også: Salet av lydbøker og e-bøker på veg opp