Salet av lydbøker og e-bøker på veg opp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Salet av e-bøker og digitale lydbøker bidrog til at forlagsbransjen omsette for 5.867 millionar kroner i fjor. Stadig fleire nordmenn omfamnar digitale bokformat.

– Vi er glade for at bokmarknaden og lesinga i Noreg held seg på eit stabilt og solid nivå, særleg med tanke på endringane vi ser i medielandskapet elles. Det er òg gledeleg at dei digitale formata er i vekst, seier administrerande direktør i Forleggerforeningen, Kristenn Einarsson i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Populært å låne e-bøker

Statistikken viser at omsetnaden i det norske bokmarknaden auka med 0,3 prosent frå 2014 til 2015. Salet av digitale lydbøker auka med 65 prosent, medan salet av e-bøker auka med 18 prosent. Omsetnaden av andre digitale produkt var på 27 prosent. Delen selde lydbøker i fysisk format sokk derimot med 12 prosent i same periode.

Hovuddelen av bransjens omsetning kjem frå salet av sakprosa både i bokform og som e-bøker, skjønnlitteratur og allmenne oppslagsverk, og denne typen allmennlitteratur heldt seg stabilt med ein nedgang på knappe 0,2 prosent frå 2014.

Dei fleste bøkene blir selde gjennom bokhandel. I 2015 sokk omsetninga til bokklubbane med 10,3 prosent frå året før. (©NPK)

Få nyhendebrev med siste boknytt her!