Det er dyrare å vere «raudruss» enn «rødruss»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2016 starta Norsk Målungdom kampanjen #nynorskrussetid og fekk russeaktørane Russedress og Russeservice til å tilby russemateriell på nynorsk, som skulle vere tilgjengeleg frå 2017.

Den nye logoen med «Raudruss» er alt laga av Russeservice og Russedress, men ynskjer ein å bruka den må ein både designe resten av kortet sjølv og betale hundre kroner ekstra.

Det skriv NRK.no, som først omtala saka.

Les også: Olav Magnus vil vere raudruss

Målungdommen: – Prinsippsak

Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, synest det er unødvendig at det skal koste ekstra å velje nynorsk.

– Det er jo ikkje snakk om den store summen i forskjell, men det er ei prinsippsak. Eg kan ikkje sjå for meg at det skal vera umogleg å laga noko på nynorsk som er like enkelt å velje som bokmålsvarianten, seier han til NRK Sogn og Fjordane.

Les også: Sparkar mot kommersiell russetid

Russeservice: – Ikkje forskjellsbehandling

Ole Jørgen Smedsrud er dagleg leiar i Russeservice, som har tilnærma monopol på marknaden. Han seier til NRK at etterspurnaden er for låg til å ha med nynorskvarianten som eitt av standardkorta i nettbutikken.

– Eg ser ikkje på dette som forskjellsbehandling mellom målformer i det heile tatt. Eg tenkjer at dersom ein ynskjer å få eit eige design på russekorta, så har me dette tilbodet. Me kan sjølvsagt ta det bort, men då må russen sjølv laga logo med «Raudruss», fortel han.