Neste år kan du vere raudruss

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rød er jo eit veldig pent ord, men eg synest det var litt teit at ein ikkje kunne vera raudruss, seier Olav Magnus Egeland.

18-åringen frå Bykle er avgangselev ved Kvitsund gymnas i Telemark.

Då han skulle bestille russekort reagerte han på at det berre gjekk an å velja rødruss. Han samanliknar russekorta med eigenreklame, og for den engasjerte nynorskbrukaren vart det difor heilt feil å kalle seg rødruss.

Saman med ein kamerat bestemte han seg for å ta saka i eigne hender og nytta Photoshop for å redigera inn rau(d)russ på russekortet.

DEBATT:«Kvifor får ikkje dei positive sidene ved russetida meir fokus?»

#nynorskruss
Olav Magnus Egeland snakka med fleire som gjerne ville vore raudruss, om dei fekk moglegheita. Difor kontakta han Norsk Målungdom, der han sjølv er medlem, og lurte på om dette var ei sak for dei.

Det var det sjølvsagt. I år har dermed Norsk Målungdom hatt kampanjen #nynorskruss.

Leiar Synnøve Marie Sætre fortel om positiv respons på kampanjen som består av mellom anna nynorske russeknutar (sjå faktaboks), Ivar Aasen-russekort og kondomar med treffsikre Aasen-sitat.

– Me såg at fleire medlemmer var engasjert i dette og mellom anna lurte på om det gjekk an å få nynorske strykemerke. Det er eit ynskje om det, så no var det på tide å gjere noko med det, forklarar Sætre, som nyleg delte ut Ivar Aasen-russekort på Sortland.

Målungdomsleiaren fortel om velvilje frå russeutstyrsprodusentane og tykkjer det er stor stas at neste års kull kan verte raudruss.

– Det er heilt på sin plass og veldig kjekt at folk ser at det er mogleg å vere russ på sin måte. At ein slepp å ty til bokmål for å vera russ. Det verkar som om mange tykkjer det er ein artig måte å markera seg på, og det er mange russ der ute som ynskjer å feira russetida på ein annan måte enn det ein tenkjer på som ei tradisjonell russefeiring.

LES OGSÅ: No får du målungdom-kondom


Sikker sex – no også på nynorsk. Foto: Norsk Målungdom 

Norge til Noreg
Dagleg leiar i Russeservice, Ole Jørgen Smedsrud, lovar at neste års russekull skal få moglegheita til å velje raudruss på den 30 år gamle logoen, som prydar norske russekort.

– Me tykkjer berre det er gøy om me kan tilby noko som fleire identifiserer seg med. Me jobbar breitt for å tilby noko til alle grupper og veit jo at det finnes russ utfor austlandsområde, sjølv om det kanskje ikkje er så mange russebussar. Difor tykkjer me det er fint å kunne tilby noko som dei kan identifisera seg med, seier Smedsrud på telefon til Framtida.no. 

For nokre år tilbake kunne russen kjøpa klede med Noreg på.  Desse kleda var ifølgje russeleverandøren populære i nokre år etter lanseringa, før interessa gjekk nedover.

Smedsrud, som er største eigar i selskapet som eig både Russedress og Russeservice, fortel at neste års produkt ikkje er avklara, men ser ikkje bort frå at Noreg kan koma tilbake i sortimentet.

Han tek gjerne imot innspel til slagord som kan prega neste års strykemerker frå Norsk Målungdom.

– Russen er mange ulike grupper. Me veit at russ og russetid er meir enn det som får dei store overskriftene. Det skulle berre mangla at dei ikkje får ei nynorsk russetid, avsluttar Smedsrud.

LES OGSÅ: Sykkelruss med nynorsk motor

 «Takk, Ivar Aasen»
Initiativtakar Egeland gler seg over at neste russekull kan få ei skikkeleg nynorsk russetid.

– Eg trur det er ein del som då vil fronta nynorsk meir. Ser ein meir nynorsk, så vert ein jo meir van med det. Eg merkar sjølv at eg sperrar opp augo når eg ser nynorsk på framsida til NRK.no, seier Egeland, som er glad for å spreie nynorsk til folket ved hjelp av russekort.

Det er også fleire som vert overraska når dei ser raudrusskortet. Elles er det ifølgje Egeland ikkje så stor forskjell frå å vera vanleg rødruss.

Men han har sjølvsagt prøvd seg på nokre av dei nynorske russeknutane.

– I går gjekk eg rundt ein heil time og sa: «Takk, Ivar Aasen». Læraren vart heilt oppstussa og lurte på kva det var for noko. Og i morgon trur eg at eg skal prøva meg på ein liter kulturmjølk, seier Egeland, som i tillegg kan gle seg til å få eit kakelys i lua.

No har han nemleg vore omtala som nynorskruss i media.

LES OGSÅ: – Dagens russ er for snille


Fleire lokallag rundt om i landet har delt ut Ivar Aasen-russekort. Foto: Norsk Målungdom 

Faktaboks

Nynorske russeknutar:                 

Bli/vere medlem i Norsk Målungdom – gullstjerne

Verv ein person til Norsk Målungdom – vervekort

Snakk nynorsk normaltale ein heil skuledag – mozellkork

Reis deg kvart 10. minutt av ein skuletime og sei «Takk, Ivar Aasen» – mozell light-kork

Ha allsong av Nordmannen (Mellom bakkar og berg) i klasserommet – IFA-boks

Bli omtalt som nynorskruss i media – lite kakelys

Skriv eit lesarbrev om nynorsk til lokalavisa di – postkort

Klem ti bokmålsbrukarar i løpet av ein dag – eit smågodt-hjarte

Hald eit foredrag om norsk språkhistorie på minst ti minutt for minst fem personar – eventyr-sjokolade

Hald nynorskkurs på lærarrommet – kritt

Ha ein gatekonsert med berre nynorske songar der du må tene minst 50 kroner – 50-lapp

Spring gjennom skulegarden på ungdomskulen i matfri og be elevane halde på nynorsken – eit mellomleggspapir

Få autografen til ein nynorsk-kjendis på russebuksa – tusjen autografen vart skriven med

Gjer som han Ivar: bruk same Ivar Aasen-boksaren heile russetida – ein våtserviett

Drikk ein halvliter Mozell med ein tampong i kvar side av munnen – ein tampong

Heng opp plakatar med det nynorske favorittordet ditt på skulen – ein bit ducktape

Reklamer for nynorske barnebøker i den lokale barnehagen din – smokk

Skriv nynorske dikt på russebuksa til ti medruss – penn

Bit ein 1. klassing i låret og be han skrive nynorsk og snakke dialekt – kyssemunn-godteri

Skriv nynorsk heile russetida (1.-17. mai) – lite Noregsflagg (kakepynt)

Drikk ein kartong kulturmjølk på styrten – bit av kulturmjølk-kartongen

Ha noko med Ivar Aasen i profilbildet ditt på Facebook heile russetida – ei pakke lovehearts

Ta alle dei nynorske russeknutane – smellbongbong