Ungdomsskuleelevar skal lære å oppdage falske nyheiter 

Medietilsynet, Faktisk.no og Utdanningsdirektoratet samarbeider om eit nytt læringsopplegg om kritisk medieforståing.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske ungdomsskuleelevar skal no lærast opp i å vere kritiske til det dei les på nett, og bli meir merksame på falske nyheiter og kva som er sant eller usant.

Styrkje den kritiske medieforståinga

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, vil styrkje den kritiske medieforståinga blant unge. Foto: Medietilsynet

Direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, vil styrkje den kritiske medieforståinga blant unge. Foto: Medietilsynet

– Det kan vere utfordrande å finne fram i den digitale informasjonsflaumen. Vi ønsker å bidra til å styrkje den kritiske medieforståinga blant unge, slik at dei kan ta informerte og gode val, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Dei har gått saman med faktasjekktenesta Faktisk.no og og Utdanningsdirektoratet for å utvikla eit nytt læringsopplegg om kritisk medieforståing.

Ei undersøking frå i fjor viste at seks av ti ungdommar mellom 15 og 18 år dagleg eller kvar veke les nyheiter på nett som dei ikkje opplever som sanne. Det er særleg informasjon på sosiale medium dei tvilar på.

Les også: Falske nyheiter blir spreidd raskare enn ekte

Delesaker frå løgnfabrikkar

Det nye læringsopplegget har fått namnet «Falske nyheiter – kritisk medieforståing», og er berekna på ungdomsskuleelevar. Det kan brukast i klasseundervisninga, eller som ein del av konfirmantundervisninga.

– Sosiale medium og den mangfaldige nyheitsstraumen er utfordrande å navigere i. Også i Noreg ser vi at nokre av dei mest delte sakene kjem frå løgnfabrikkar som tener pengar på å spreie oppdikta historier. Derfor er vi stolte over å ha fått lov til å bidra til dette læringsopplegget, seier ansvarleg redaktør i Faktisk.no Kristoffer Egeberg.

Direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen, vil læra elevane når det er lurt å vere på vakt. Foto: Utdanningsdirektoratet

Direktør i Utdanningsdirektoratet, Hege Nilssen, vil læra elevane når det er lurt å vere på vakt. Foto: Utdanningsdirektoratet

Les også: «Falske nyheiter» er årets nyord

Vere på vakt

Etter at elevane har gjennomført undervisninga, er målet at dei skal vite kva som kjenneteiknar informasjon og kjelder ein kan stole på og når det er lurt å vere på vakt.

– Evna til å kunne vurdere informasjon og kjelder er viktig for elevane. Vi ønsker å bidra til at elevane lærer meir om falske nyheiter og når det er lurt å vere på vakt, seier Hege Nilssen, direktør i Utdanningsdirektoratet, i ei pressemelding.

– Facebook fortel meg kva som er trendy, men ikkje kva som er siste nytt

(©NPK)