Stort gjennombrot: Kan ha funne tidssansen

Moser-miljøet i Trondheim meiner dei kan forklare kvifor tida av og til kjennest som ho står stille og andre gonger verkar som ho går veldig fort.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane ved Kavliinstituttet har oppdaga eit nettverk av hjerneceller som uttrykkjer tidssansen gjennom opplevingar og minne. Funnet fortel om korleis hjernen set saman tid og stad og lagar minne, skriv Adresseavisen.

Forskarane knyter oppdaginga til arbeidet med å forstå kvifor alzheimer-pasientar tidleg får problem med tid, stad og minne.

– Først av alt har vi funne eit hjerneområde som ser ut til å vere veldig viktig for korleis vi opplever tid. Dette er ikkje snakk om vanleg kronologisk tid slik vi måler på klokkene, men heller eit system for å halde orden på rekkjefølgja av hendingar og strukturere dei i tid, seier professor Edvard Moser.

Forskingsrapporten som er publisert i Nature, viser at Moser og forskarteamet har funne noko som kan beskrivast som tidssansen. Kva vi fyller tida vår med, endrar vår subjektive oppleving av tid.

– Subjektiv tid, eller opplevd tid, er evna til å seie kva som skjedde frå start til slutt. Nervecellene registrerer tid som har gått i form av rekkjefølgja til ulike hendingar, seier Moser til NRK.

NTNU-forskarane May-Britt Moser og Edvard Moser fekk i 2014 Nobelprisen for oppdaginga av gittercellene, ei innbygd automatisk kartlegging av omgjevnadane som hjernen alltid gjer. Gittercellene er grunnleggjande for korleis stadsansen fungerer. (©NPK)