For enkelt med fordjuping?

Både elevar og lærarar i ungdomsskulen er lite motiverte for fordjupingsfaga.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For enkelt med fordjuping?

Det kjem det fram i ein rapport som er utarbeidd for NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring).

Mange elevar i ungdomsskulen vel fordjuping i norsk, engelsk eller samisk i staden for å lære seg eit framand språk.

I ei undersøking forskarane Marianne Dæhlen og Anders Bakken har gjort kjem det fram at det er først og framst skulesvake elevar med låg motivasjon som vel fordjupingsfag og at skuleleiarar oppfattar faget meir som eit forenklingsfag enn eit fordjupingsfag.

Valordninga i ungdomsskulen i dag er slik at elevane kan velje om dei vil lære seg eit nytt språk (tysk, fransk, spansk eller eit anna framandspråk), eller dei kan velje å fordjupe seg i eit språk dei allereie kjenner.

– Felles for fordjupingsfaga er at dei hovudsakleg rekrutterer dei fagleg svakaste elevane i skulen. At nesten ingen av dei som får dei beste karakterane vel alternativa for fordjupning, viser at faget har spesielt låg status blant elevane, seier Anders Bakken på nettsidene til NOVA.

Det er ikkje berre blant elevane fordjupingsfaga har låg status. Skuleleiarane som blir spurde i undersøkinga fortel at lærarane som blir sette inn på fordjupingsfaga er spåkkompetente, men at også lærarane har låg motivasjon og begrensa interesse for faget.

– Inntrykket er at sjølv om mange skuleleiarar har opplevd at det er vanskeleg å rekruttere motiverte lærarar, har lærarane blitt meir positivt innstilte til fordjupingsfaga etter kvart som lærebøker og læreplan har kome på plass, fortel Anders Bakken.