Undersøking: Éin av fem er skeptiske til kristne

Éin av fem nordmenn er skeptiske til personar med kristen tru, ifølgje tal frå Integreringsbarometeret 2018. Det er ein auke på 3 prosentpoeng på fem år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøking: Éin av fem er skeptiske til kristne

Religionssosiolog Ida Marie Høeg seier til Vårt Land at ho trur stereotypiar om kristne bidrar til auka skepsis mot det å ha ei kristen tru.

– Mange tenkjer nok framleis på det å vere kristen med å vere intolerant, konservativ og dømmande overfor ikkje-religiøse og andre religiøse grupper, seier Høeg.

 Bilete av kristne som dømmande

Ho seier at undersøkingar viser at dei som er kritiske til kristne, ofte trekkjer fram manglande toleranse overfor homofili og likestilling som forklaring på dei negative haldningane dei har mot kristne.

Førsteamanuensis i religionssosiologi Irene Trysnes meiner media byggjer opp under kristne stereotypiar.

– Media skaper ofte eit bilete av kristne som konservative og restriktive og koplar det til dømmande haldningar. Og er det noko nordmenn liker dårleg, så er det når nokon rettar ein peikefinger, seier Trysnes.

Les også: Kristne kvir seg for å kalla seg feministar