Lagar fuglekunst av plastsøppel
Kunstnar Maria Hansen lagar fugleskulpturar av plastavfall ho finn i strandsoner. No skal kunsten stillast ut under seglregattaen Tall Ships Races.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det høyrast jo rart ut, men aller helst skulle eg jo blitt arbeidsledig. Plasten skal jo ikkje vere her. Den hamnar i magen på fuglane. Fugleungane får den servert, for dei trur det er mat. Heile opplegget er tragisk, seier Hansen til Stavanger Aftenblad.
Les òg: Vil tvinge gjennom snusdåsepant
Skal visast fram under Tall Ships Races
Prosjektet til Hansen har fått namnet «Trashybirds» og går ut på å plukke plastsøppel, vaske, forme og lage fuglar. Under Tall Ships Races i Stavanger skal ho ha ein stand der ho skal vise fram og selje fuglane. Ein del av inntektene går til Verdsnaturfondet (WWF).
– Vi finn store mengder plastsøppel, særleg om hausten, når stormane piskar ting opp på land. I Noreg skal vi ha det reint og ryddig, men til og med her er det blitt eit stort problem. Eg håpar å kunne bidra til å få nokon fleire til å tenkje over akkurat denne saka. Kanskje kan fuglane mine av søppel hjelpe litt, seier Hansen.