– Tenk på ungdom i alt de gjer
Statssekretær rosar forslag om å la ungdom byggja i strandsona.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Bra å la unge byggja i strand- sona
– Eit veldig kreativt forslag, seier statssekretær Hege Solbakken (Sp), til resolusjonen til Hitra KrF om å la ungdom få lov til å byggja innan for 100-metersbeltet i strandsona.
Solbakken tilbakeviser at dette vil bli aktuelt som nasjonalt tiltak, men meiner kommunane i større grad må få vurdera lokalt kva dei vil gjera, så lenge ålmenta er sikra tilgang i sjøkanten.
Nye reglar
I løpet av våren skal retningslinjene for bygging i 100-metersbeltet nær sjøkanten ferdigstillast. I dag er det strenge reglar mot å byggja hus i strandsona.
LES OGSÅ: Kvifor bu vi her?
– Kysten vår er så utruleg forskjellig. Me i Kommunal- og regionaldepartementet er veldig opptatt av at det skal vera opent for lokalt skjønn. Det er stor forskjell på Oslofjorden og mange andre stader langs kysten vår, seier statssekretæren, og presiserer at det er viktig å sikra ålmenta tilgang til strandsona. Dette er ansvarsområdet til Miljøverndepartementet.
– Spel på lag med ungdommane
– Det som er eit eintydig signal frå regjeringa er at om ein skal få til ei god utvikling i kommunane, så må ein spela på lag med ungdommane – også dei som dreg ut. Det er viktig å tenkja nytt, og heldigvis er mange flinke til det. I tillegg til å tilby tomter, er det også viktig å leggja til rette for fleire utleigebustader. Dette er eit felles ansvar for både næringsliv og kommunane, seier Hege Solbakken til Framtida.no.
Statssekretæren legg også til at regjeringa i år har auka tilskotet til bulyst-prosjekt med 15 millionar kroner. I år legg ein særleg vekt på prosjekt som skal leggje til rette for integrering av innvandrarar til distriktsområde.