Senterpartipolitikar Dordi (23) kom på Vixen iført to sauar
Dordi Boksasp Lerum ville setja fokus på den norske bonden og sjølvforsyninga i Noreg.
– Alt er lånt og det er for å setja fokus på den norske bonden, seier Dordi Boksasp Lerum (23) til Nettavisen.
Då Vixen skulle kåra Noregs fremste påverkarar og sosiale medium-profilar under den årlege Vixen Awards, dukka senterpartipolitikaren opp på den raude lauparen iført to saueskinnsfellar.
– Ein del folk som har vore sinte
Måndag kan ho fortelja Framtida.no at ikkje alle likte antrekket hennar.
– Eg har fått ein del folk som har vore sinte fordi dei trur eg har slakta to sauar for å bruka skinnet, forklarar Lerum på telefon i bilen på veg heim frå jobb.
Ho har prøvd å halda seg unna kommentarfelta i ettertid av videoane som viser ho i saueskinn på Vixen Awards.
Senterpartipolitikaren er likevel nøgd med å ha fått løfta bodskapen sin. Ho viser til at sauen ofte vert mat og skinnet kasta, og meiner det er viktig å bruka heile dyret, anten det er dekorativt eller for varmen.
– Poenget er at me må bli betre til å bruka dei ressursane me har og bruka heile dyret, seier Lerum.
«Norsketarianar»
Lerum representerer Senterpartiet i fylkestinget i Møre og Romsdal, og er vararepresentant til Stortinget.
Den engasjerte politikaren var i fjor semifinalist i Vixen for sitt «norsketarianar»-prosjekt, der ho i eitt år åt utelukkande norsk mat.
Til Framtida.no fortalde ho korleis ho løyste tacoen utan det karakteristiske krydderet, men med potetlefse, norske grønsaker, norsk ost og norsk kjøt.

Dordi Boksasp Lerum meiner det er viktig å støtte opp om det norske landbruket, og har sjølv odel på gard. | Foto: Privat
I fjor kom Lerum på prisutdelinga i Felleskjøpet-kjole. Òg i år hadde ho kledd seg for å setja fokus på norsk mattryggleik, og peika på kor viktig det norske landbruket er i beredskapssamanheng i tilfelle krig.
I ein video publisert av landbruksavisa Nationen fortalde Lerum spøkefullt at antrekket var varmt og at ho slakta to sauar for å få antrekket.
– Eg kan røpa såpass at det vart mat av desse sauane òg, ikkje berre skinn, sa Lerum til avisa.
Til Framtida.no avslører ho at historia var ei litt anna. Skinnfellane var lånte og sauane var slakta eitt år i førevegen, fordi det å tilverka skinn til bruk er ein omstendeleg prosess.
Mindre Botox
Lerum meiner det er viktig med sjølvforsyning og at me et meir norsk mat og meir sauekjøt.
– Eg skulle ynskja at fleire influensarar snakka om dei ordentleg viktige tinga, og ikkje berre Botox og silikon i ræva, svara politikaren Nationen på den raude løparen.








