Norsk næringsliv tar grep for å kutte plastbruk
Store norske aktørar tar grep for å bli kvitt plast. Dei neste åra skal fleire tusen tonn plast forsvinne frå butikkane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norsk næringsliv tar grep for å kutte ut plast
I mars vart eit forslag om plastforbod nedstemt i Stortinget. Likevel jobbar næringslivet hardt for å kutte ut eller redusere plastforbruket, skriv Dagsavisen.
I Hurtigruten har dei som mål å bli verdas første plastfrie reiarlag. Allereie 2. juli skal alt frå sugerøyr og rørepinnar, til plastglas og plastposar vere borte frå skipa til selskapet.
Også McDonald’s har valt å gå bort frå plastsugerøyr i nokre av sine restaurantar, og skal teste ut papirsugerøyr i staden.
Les også: Enorme mengder plast i havisen nord for Noreg
Endringar på trappene også i detaljhandelen
Butikkjeda Cubus tok grep alt i fjor då dei begynte å ta betalt for plastposar. Sidan då har dei redusert forbruket med omtrent 80 prosent.
I tillegg vil det dei neste åra bli endringar i daglegvarebutikkane. Blant anna har Norgesgruppen som plan å redusere bruken av plast med 20 prosent innan 2025, og vil erstatte plastbegeret til avokado og jordbær for å spare 100 tonn plast i året.
Ifølgje Fredrik Myhre, seniorrådgjevar for fiskeri- og havmiljø i WWF, hamnar åtte millionar tonn plastsøppel i havet kvart år.