– Wikipedia bryt åndsverkslova

Allkunne krev erstatning.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Wiki- pedia bryt åndsverks- lova

Det digitale, nynorske oppslagsverket Allkunne.no skuldar Wikipedia for plagiat og systematisk, ulovleg bruk av stoff frå Allkunne.no.

– Vi kan dokumentere at Wikipedia har publisert rein avskrift frå Allkunne. Dette er brot på norsk lov og må få fylgjer, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Allkunne, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i ei pressemelding.

Plagiatet gjeld ein artikkel av Per Halse om salmediktaren Arve Brunvoll. Det var forfattaren sjølv som avslørte plagiatet. Allkunne publiserte artikkelen 3. september 2009 etter vanleg redaksjonell vurdering og språkvask. Artikkelen på Wikipedia nynorsk blei først publisert 5. juni 2010, og er sist oppdatert 16. juli 2010. Artikkelen på Wikipedia bokmål blei lagd ut 15. juli 2010 av ein annan brukar, og er sist oppdatert 30. juli 2010.

– Artikkelen til Halse er opphavsrettsleg verna og kan etter åndsverkslova ikkje nyttast av andre utan samtykke på førehand. Slikt samtykke er ikkje gitt, verken av Allkunne eller Halse, seier Rotevatn.

Krev oppreising
Vidare føreset åndsverkslova at det skal opplysast om både opphavsmann og opphavleg utgivar/kjelde, i tråd med god skikk ved attgiving av verna verk. Artiklane til Wikipedia inneheld inga slik form for kreditering.

Så vidt Allkunne kjenner til, er dette fyrste gongen Wikipedia vert skulda for plagiat.

Allkunne kan også dokumentere at Wikipedia systematisk bruker tekstar frå Allkunne ulovleg, både gjennom direkte avskrift og ulovleg publisering.

– Vi reagerer sterkt på denne praksisen. Allkunne krev erstatning for ulovleg bruk og oppreising for ikkje-økonomisk skade på til saman 75.000 kroner, og at Wikipedia dekkjer alle sakskostnadene våre, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Reagerer på framgangsmåte
– Hadde Allkunne kontakta oss, så hadde me fjerna alle artiklar som eventuelt var i strid med opphavsretten, seier Jarle Vines, styreleiar for Wikimedia Norge.

Han reagerer på framgangsmåten til Allkunne.

– Det blir for dumt når to nynorske oppslagsverk skal slåst mot kvarandre. Faktum er at Wikipedia på nynorsk har passert 60.000 artiklar, medan Allkunne har kring 1500. Eg trur nynorsken har best av at dei som er glade i nynorsken jobbar saman.

– Men det er vel ein forskjell i at Allkunne har opphavsrett på artiklane sine. Respekterer de denne i Wikipedia?

– Wikipedia blir laga av frivillige og me har klare retningslinjer mot bruk av opphavsrettsverna materiale. Eg har sjølv sletta innhald som har lukta plagiat, og mange av dei andre frivillige bidragsytarane våre er med på å overvake det som blir lagt inn, seier han.

Styreleiaren for Wikimedia Norge understrekar at det er Wikimedia Foundation i USA som må svara på eit eventuelt søksmål.

– Stort overtramp
Fungerande dagleg leiar for Allkunne, Linda Halse Digernes, presiserer at dei har fleire døme på direkte avskrift.

– Du er ikkje redd for at denne framgangsmåten vil ta livet av dugnadsviljen på Wikipedia?

– Eg føler dette må til. Det er ei viktig prinsippsak, og viktig at slike saker kjem fram i lyset. Vi kan dokumentere klare overtramp på åndsverkslova. Me stiller oss positivt til arbeidet til Wikipedia, men når dei kopierer tekstane våre er det brot på åndsverkslova og avtalen vi har med forfattarane våre, seier ho.

Faktaboks

Allkunne.no er eit digitalt, nynorsk oppslagsverk, utgitt av Allkunne AS, som er eigd av Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget. Dagleg leiar er Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Ottar Grepstad er hovudredaktør og styreleiar er Kari Bjørke.

Den nynorske utgåva av Wikipedia passerte 60.000 artiklar i haust. Den engelskspråklege utgåva av Wikipedia er snart oppe i 3,5 millionar artiklar, medan bokmålsutgåva har 277.351 artiklar per 14. oktober. Alt arbeid på Wikipedia blir i utgangspunktet gjort på dugnad.
Nettleksikonet Wikipedia vart starta av gründerane Jimmy Wales og Larry Sanger i 2001 og er eit fleirspråkleg, nettbasert leksikon på meir enn 270 språk og med meir enn 91 000 aktive bidragsytarar.