Milepæl for nynorsk Wikipedia

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig bra, og viser ein fantastisk innsats blant eldsjelene som bidreg, seier styreleiar i Wikimedia Norge, Jarle Vines. Artikkelen om venstremannen Karl Hagerup blei artikkel nummer 60.000.

– 60.000 artiklar er sterkt i forhold til mange andre språknasjonalitetar. Eldsjelene i nynorsk Wikipedia har gjort ein strålande jobb, seier han.

Saknar meir merksemd
Vines seier han saknar meir merksemd i nynorskmiljøet for leksikonet.

– Det som er trist at nynorsk Wikipedia ikkje blir omtala meir, seier han.

Vines fortel at han ein gong snakka med Kjartan Fløgstad for å få han til å promotera Wikipedia på nynorsk. ”Finst det?” var reaksjonen hans.

Nedgang i veksten
Wikipedia på nynorsk starta opp 31. juli 2004. Nettstaden publiserte berre 6.000 artiklar til saman dei to første leveåra, men etter det har tempoet gått opp med kring 15.000 artiklar årleg.
Det siste året har det gått litt treigare. Sommaren 2009 blei artikkel nummer 50.000 publisert. Året før derimot, blei både 30- og 40.000 merket passert.

Faktaboks

Den engelskspråklege utgåva av Wikipedia er snart oppe i 3,5 millionar artiklar, medan bokmålsutgåva har 277.351 artiklar per 14. oktober. Alt arbeid på Wikipedia blir i utgangspunktet gjort på dugnad.
Nettleksikonet Wikipedia vart starta av gründerane Jimmy Wales og Larry Sanger i 2001 og er eit fleirspråkleg, nettbasert leksikon på meir enn 270 språk og med meir enn 91 000 aktive bidragsytarar.