Krass kritikk mot 36 nye oljeblokkar i Barentshavet
Leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord reagerer på at Olje- og Energidepartementet i dag har delt ut 47 nye oljeblokkar, der 36 av dei er i det sårbare Barentshavet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Han påpeiker at verda allereie har funne meir olje og gass enn vi nokon gong kan bruke, og at blokkene er altfor nære vernesona for Bjørnøya.
– Dette trossar alle grenser. Eit oljeutslepp her er ei katastrofe det ikkje er mogleg å ordne opp i, seier Eiterjord i ei pressemelding.
Forstår ikkje at Venstre er med
I regjeringsplattforma står det at regjeringa skal legge vekt på miljøfaglege råd og vurdere ei større vernesone rundt Bjørnøya. Natur og Ungdom er opprørte og forstår ikkje at Venstre kan vere med på dette.
Produksjonen av olje og gass er Noreg si største kjelde til klimautslepp. Noreg er i tillegg den sjuande største eksportøren av fossilt brensel. Natur og Ungdom meiner denne tildelinga er uansvarleg særleg fordi vi allereie har funne meir olje og gass enn vi kan bruke.
Bryt grunnlova
– Ved å forverre klimaendringane og sette framtidige generasjonar si framtid på spel, bryt regjeringa grunnlova sin miljøparagraf, som gir oss rett til eit sunt miljø, seier Eiterjord.
Sist gong regjeringa delte ut nye blokkar i ein ordinær konsesjonsrunde, saksøkte Natur og Ungdom og Greenpeace staten for brot på grunnlova sin miljøparagraf. Då fekk dei avslag i Høgsterett.
- Les også: Høgsterett avviser klimaanken