Nordic Mining krev millionerstatning frå Natur og Ungdom-aksjonistar

Nordic Mining har sendt brev til Natur og Ungdom der dei ber om rundt 1 million kroner per døgn aktivistane har aksjonert ved anlegget ved Førdefjorden den siste tida.

NPK-NTB
Publisert

Aktivistar har vore på plass ved Nordic Minings anlegg på Engebø ved Førdefjorden sidan selskapet fekk løyve av regjeringa til å deponere gruveavfall i fjorden i tre år.

No har Nordic Mining sendt brev til Natur og Ungdom der dei krev erstatning på rundt 1 million kroner per døgn frå Natur og Ungdom og enkeltaksjonistar.

Miljøorganisasjonen opplyser i ei pressemelding at dei har fått to brev frå advokatfirmaet Kvale, som representerer Nordic Minings dotterselskap Engebø Rutile and Garnet (ERG).

I eit brev datert 6. oktober anslår ERG at tapet er på rundt 1 million kroner per døgn.

30. september gav regjeringa Nordic Mining løyve til å deponere 4,5 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden i minst tre år framover. Dette skjer etter at Høgsterett i juni slo fast at det opphavlege utsleppsløyvet på 170 millionar tonn var ugyldig.

Stiller med fleire aksjonistar

Natur og Ungdom seier at dei vil halde fram aksjonen og stiller i dag med endå fleire aksjonistar.

– Vi er her for å stanse dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden, ikkje for å påføre Nordic Mining økonomiske tap. At eit gruveselskap svarer med å sende eit trusselbrev mot ungdom som driv sivil ulydnad, med millionkrav, seier mykje om kor pressa dei er, seier leiar i Natur og Ungdom, Sigrid Hoddevik Losnegård.

Losnegård ber selskapet rette kravet mot staten i staden for.

– Viss Nordic Mining meiner dei har krav på erstatning, er det staten dei bør rette kravet mot, ikkje ungdommen. Det er ikkje selskapet sin feil at løyva dei fekk, var ugyldige. Og det er heller ikkje vår.

Blir ikkje handtert slik i ein rettsstat

Til NRK har kommunikasjonssjef Tone Løtuft i Nordic Mining sagt at det kunne blitt eit tungt erstatningskrav å få i fanget for eit ungt menneske.

Advokaten til selskapet skriv i brevet at «i en rettsstat håndteres slike uenigheter ved søksmål, ikke ved at man påfører andre skader».

Natur og Ungdom argumenterer for at dei har gjort nettopp dette.

– Vi gjekk til retten i 2022 og vann i både lagmannsretten og Høgsterett. Likevel har dumpinga ikkje stansa. Når staten svarer på ein høgsterettsdom med å gi selskapet eit nytt løyve, er det ikkje vi som ikkje respekterer rettsstaten, seier Losnegård.