Sterke reaksjonar mot oljesølet i Oslofjorden

– Dei må få ei klekkeleg bot, seier Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord. Han vil ha forbod mot oppbevara olje i nærleiken av elvar, sjøar og vatn.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag ettermiddag vart det sleppt ut opptil 80.000 liter fyringsolje frå Oslo Sporveier. Olja har lekt ut i Alnaelva og spreidde seg ut i Oslofjorden. Det heile skjedde då dei to underleverandørane TT-teknikk og Norsk spesialolje AS skulle fjerne olja frå oljetankane til Oslo Sporveier.

Natur og Ungdom reagerer på at dette kunne skje:

– Dette er sånt som ikkje skal skje. Oljesøl er giftig for naturen og også menneske kan ta skade av det. Det er kritikkverdig at Oslo Sporveier og underleverandørane har vore så uvøren med handtering av olje at det lakk ut i Alnaelva. Dei må få ei klekkeleg bot, seier leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord til Framtida.no.

Uroa for sårbare sjøfuglar

Det har vore observert oljesøl i Oslofjorden i dag, og den populære badeplassen Sørenga sjøbad blei stengd for publikum. Bymiljøetaten ber folk passa seg for oljesølet.

Nær utløpet av Alnaelva ligg Bleikøya, som er eit svært viktig hekkeområde for sjøfugl.

– Sjøfugl er ekstra sårbare i hekketida. Oljesøl kan øydelegge isolasjonen i fjørdrakta og gjere det vanskeleg å halda på varmen. Sjøfuglar er avhengig av å vera i vatnet for å finna mat, og kan derfor også få i seg giftig olje, seier Eiterjord.

Brannvesenet har lagt ut lenser i Kongshavn der Alnaelva spring ut i Oslofjorden og har torsdag ettermiddag samla opp minst 35 000 liter olje. Dei trur det kan vere meir. Foto: Gaute Eiterjord, Natur og Ungdom

Krev nytt forbod

Natur og Ungdom meiner det nå må kome på plass tiltak som hindrar at noko sånt kan skje igjen.

– Det må bli forbode å oppbevara olje i nærleiken av elvar, sjøer og vatn. Denne saka viser og kor viktig det er å få slutt på oljefyringa. Me forventar at politikarane får fortgang i arbeidet med å gjennomføra forbodet mot oljefyring, seier Eiterjord.