Studie: Nordmenn meiner norsk kultur er overlegen
Noreg det einaste av 15 vesteuropeiske land der meir enn halvparten av befolkninga meiner deira eigen kultur er overlegen, ifølgje ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Folket vårt er ikkje perfekt, men vi har ein kultur som er betre enn andre» er oppfatninga som går igjen blant nordmenn. Det viser ei ny undersøking gjort av amerikanske Pew Research Center der 58 prosent av nordmennene sa seg heilt eller hovudsakleg einig i utsegna. Det skriv Vårt Land.
– Norsk sjølvgodskap
Noreg er dermed det einaste landet der over halvparten av befolkninga har denne oppfatninga. På andre sida av skalaen ligg Spania, der berre to av ti støttar utsegna.
– Tala reflekterer ein utbreidd norsk sjølvgodskap, som har styrkt seg etter at Noreg er blitt eit absurd rikt land, meiner professor Thomas Hylland Eriksen ved Universitetet i Oslo.
LES OGSÅ: Økonomi forklarar innvandringsskepsis
Ikkje like sjølvgode svenskar
I nabolandet vårt meiner berre éin av fire at svensk kultur er best. Sveits, det einaste andre landet i undersøkinga som ikkje er med i EU, er nærmast Noreg med 50 prosent.
Amerikanarane har intervjua 24.000 innbyggjarar i 15 vesteuropeiske land i undersøkinga «Being Christian in Western Europe». Blant dei spurde var 1.500 tilfeldig valde nordmenn over 18 år.
LES OGSÅ: Halvparten meiner innvandrarar ikkje trugar norsk kultur
I ei undersøking Framtida.no og elevar ved Stord vidaregåande skule utførte i fjor, viste at over halvparten av førstegongsveljarane meiner politikarane må gjera meir for å sikra norsk kultur og norske verdiar.