Halvparten meiner innvandrarar ikkje truar norsk kultur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eldre menn er mest skeptiske

Kvar tredje nordmann meiner innvandrarar truar norsk kultur, mens over halvparten er ueinige i påstanden, ifølgje ei ny undersøking.

Det er store forskjellar mellom kvinner og menn, ung og gammal og kvar ein bur. Eldre menn i grisgrendte strøk er gruppa som er mest skeptiske, viser undersøkinga Respons Analyse har utført for Aftenposten. 42 prosent av dei spurde som bur i landlege omgivnader meiner innvandring er ein trussel, mot 29 prosent i storbyområde.

Samfunnsvitar og professor i sosiologi ved NTNU Toril Aalberg er ikkje overraska over kven som er mest skeptiske.

– Dette er truleg knytt til innføringa av ein del muslimske tradisjonar og religionsutøving som mange føler er framand, seier ho.

LES OGSÅ: Folk kjem alltid til å flytta på seg, same kor mange murar ein byggjer. 

Innvandrarar tar del
Sett opp mot partitilhøyrsel er det også store forskjellar, der Raudt-, SV- og Venstre-veljarar i stor grad er ueinige i påstanden, mens eit klart fleirtal, 78 prosent, blant Frp-veljarane meiner at innvandring truar kulturen vår.

SSB-forskar Lars Østby seier innvandrarar i større grad blir påverka av norsk kultur enn omvendt.

– Eg synest ikkje denne pessimismen om integrering er godt nok grunngjeven med tanke på element som utdanning, arbeid og inntekt. Innvandrarar tar del i det norske samfunnet på same måte som dei som er her frå før.

LES OGSÅ: Økonomi forklarar innvandringsskepsis.