Aukande skepsis mot innvandrarar

Fleire vil stramme inn på innvandringa, og færre meiner innvandrarar gjer ein nyttig innsats i arbeidslivet.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at innvandringsskepsisen er på frammarsj. SSB spør kvart år kva haldningar nordmenn har til innvandring og integrering.

I år svarar éin av tre at det bør bli vanskelegare å få opphald i Noreg som flyktning eller asylsøkjar. Det er fire prosentpoeng fleire enn i fjor.

Halvparten meiner på den andre sida at det bør vere som i dag, medan 12 prosent meiner det bør bli lettare å få opphald (tre prosentpoeng færre enn i fjor).

Kjelde til utryggleik
Samstundes meiner færre av oss at innvandrarar gjer ein nyttig innsats i arbeidslivet. 66 prosent er heilt eller nokså samde i påstanden, mot 72 prosent i fjor.

Det er også fleire som meiner innvandrarar flest er ei kjelde til utryggleik i samfunnet (32 prosent mot 26 i fjor), og færre som meiner at innvandrarar gjer den norske kulturen rikare (67 prosent mot 71 i fjor).

Sjølv om haldningane har snudd seg i negativ retning sidan i fjor, har me likevel blitt meir positive til innvandrarar sidan byrjinga av 2000-talet. I 2002 meinte til dømes 41 prosent at innvandrarar flest misbruker sosiale velferdsordningar; i 2016 er berre 25 prosent samde.

LES OGSÅ: Marthe Valle går ut mot Listhaugs retorikk om flyktningar

Flyktningstraum, terror og økonomi
I rapporten SSB har utarbeidd (pdf), peikar forskarane på tre moglege forklaringar på at skepsisen til innvandrarar har auka det siste året:

1. «Flyktningkrisa» og det store talet asylsøkjarar som kom til Noreg i 2015;

2. Terroraksjonane i europeiske storbyar som Paris, Brussel, Nice og München;

3. Den økonomiske situasjonen i Noreg, med fallande oljepris og aukande arbeidsløyse.

Interessant nok er det også færre i årets undersøking som fortel at dei har kontakt med innvandrarar i det daglege, men SSB forklarer at svara på dette vanlegvis svingar frå år til år.

Les også intervjuet med migrasjonsforskar Ruben Andersson: – Flyktningkriser kjem igjen og igjen til politikken blir endra

Kvinner mest positive
Eit anna interessant funn som kjem fram i rapporten, er at forskjellane mellom kjønna har blitt større dei siste åra. På starten av 2000-talet hadde menn og kvinner stort sett dei same haldningane; i dag svarer kvinnene jamt over meir innvandringsvennleg enn mennene på alle spørsmåla i undersøkinga.

Heile 58 prosent av mennene seier seg samde i at innvandrarar i Noreg bør streve etter å bli mest mogleg like nordmenn; berre 44 prosent av kvinnene deler dette synet.

Dei mest innvandringsvenlege blant oss er elles dei mellom 25 og 44 år, med høgare utdanning, som bur i tettbygde strok – framføre alt i Oslo og Akershus.

Det går også tydeleg fram at dei som møter innvandrarar i fleire samanhengar, har meir positive haldningar enn dei som har færre arenaer for kontakt.

Les meir om tala hos SSB, eller sjå heile rapporten i pdf.

Les også om migrasjonsforskar Joakim Ruist sitt forslag til betre integrering: Vil ha fleire enkle jobbar med låge løner for innvandrarar