Fjernar analoge klokker fordi tenåringar ikkje forstår dei

Mange britiske tenåringar kan ikkje lese analoge klokker. No byttar fleire skolar dei analoge klokkene med digitale i eksamenslokala.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka sto først på abcnyheter, og er omsett til nynorsk.

Fleire britiske skolar har bestemt seg for å erstatte dei klassiske runde klokkane med urskiver og visarar med moderne, digitale klokker. Grunnen er at stadig fleire elevar slit med å halde seg til tidsfristen fordi dei ikkje klarer å lese klokka på veggen korrekt, skriv den britiske avisa The Telegraph.

– Dagens generasjon er ikkje så gode til å lese tradisjonelle urskiver som dei gamle generasjonane, forklarer Malcolm Trobe, generalsekretær i The Association of School and College Leaders (ASCL).

– Dei er vande med å forhalde seg til digitale gjengivingar av tida, på mobil og på datamaskin. Nesten alt de eig er digitalt, og sånn er det og med forholdet deira til klokkeslett, fortel Trobe til The Telegraph.

Slit med å halde skriveredskap i hendene

Han seier at hensikten med å bytte ut den tradisjonelle urskiva med ei digital klokke, er at dei vil at elevane under eksamen skal sleppe unødig stress. Ei tradisjonell klokke dei ikke forstår kan verke stressande, meiner Trobe.

Ifølge avisa er det ikkje berre den analoge klokka britiske barn slit med i vår digitale tidsalder. Tidlegare i år varsla ein britisk barnelege om korleis barn har vanskar med å halde skriveredskap i hendene.

Lettare å gi barn ein iPad enn å oppmuntre til fysisk leik

Sally Payne, psykolog og barnelege ved Heart of England Foundation NHS Trust, fortel korleis yngre skoleelevar stadig oftare slit med å handtere ein blyant fordi dei er vande med å bruke iPad og smartbrett.

– For å halde ein blyant og skrive for hand, treng du god kontroll over finmotorikken i fingrane. Barn er avhengige av stadige moglegheiter for å utvikle desse ferdigheitene, seier Payne til The Telegraph.

– Det har vorte lettare å gi eit barn ein iPad i staden for å oppmuntre dei til muskelbyggande aktivitetar som å leike med byggeklossar, kutte, feste noko, å hale og dra i leikar og tau. Dette fører til at dei ikkje lærer seg dei grunnleggande ferdigheitene dei treng for å gripe og halde ein blyant.