No kan du lesa alle norske bøker til og med år 2000 fritt på nettet

Som fyrste land i verda har Noreg digitalisert og lagt den nasjonale litteraturarven ut på nettet, kring 250 000 bøker.

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg meiner at litteratur og kunnskap skal vera tilgjengeleg for alle. Brei og enkel tilgang til litteratur på norsk er viktig for danning, demokratisk deltaking, utvikling av språkkjensle og identitet. Bokhylla.no gjev folk i Noreg ein unik tilgang til den nasjonale kulturarven vår, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Det er det storstilte digitaliseringsprosjektet til Nasjonalbiblioteket og ein kollektiv avtale med rettshavarane gjennom Kopinor som har gjort bokhylla.no mogleg.

– Sidan 2006 har Nasjonalbiblioteket jobba målretta med å digitalisera samlinga. Takka vere den eineståande kompetansen som er bygd opp kring digitalisering i Mo i Rana, har vi nådd eit mål mange meinte var umogleg å gjennomføra, seier direktør Aslak Sira Myhre.

Berre i Noreg

Det vekte stor internasjonal merksemd då Noreg i 2012 som fyrste land i verda kunngjorde at alle bøker som var gjevne ut til og med tusenårsskiftet, skulle digitaliserast og leggjast fritt ut på nettet for heile befolkninga. Ein avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor sikrar kompensasjon til rettshavarane.

– I Noreg hadde vi funne ei enkel og god løysing for prosjektet til Nasjonalbiblioteket, ein lite kjend, men effektiv nordisk lovkonstruksjon: avtalelisensen, seier Yngve Slettholm, administrerande direktør i Kopinor. – Han er som skapt for å gjera kulturarven tilgjengeleg i ei digital tid, og internasjonalt er det no mange som ser til dei nordiske landa for tilsvarande løysingar.

Fem år etter at Nasjonalbiblioteket og Kopinor inngjekk Bokhylla-avtalen er han framleis eineståande i verda ettersom ingen andre land har greidd å få til ein avtale som gjev befolkninga fri tilgang til rettsbunden litteratur til no.

Mogleg utviding

Nasjonalbiblioteket og Kopinor vil i laupet av 2018 innleia samtalar om ei mogleg utviding av avtalen til å omfatta bøker gjevne ut seinare enn 2000.

Forfattarar og forlag har gjennom avtalen høve til å reservera seg mot å leggja ut bøker. Per i dag er kring 4 000 bøker haldne attende. Desse er hovudsakleg fagbøker og bøker som framleis har eit kommersielt potensial.

Fakta

  • Bokhylla.no vart fyrst lansert som eit prøveprosjekt i 2009. Tenesta vart seinare permanent og utvida til å omfatta alle bøker gjevne ut i Noreg til og med år 2000.
  • Nasjonalbiblioteket starta i 2006 ei systematisk digitalisering av alle samlingane sine. Digitaliseringa sikrar at materialet blir bevart for framtida. Samstundes er det eit mål å gjera så mykje som mogleg av kulturarven fritt tilgjengeleg på nettet.
  • Bøkene på Bokhylla.no er fritt tilgjengelege for lesing på nett for alle med norsk IP-adresse. Bøker som ikkje lenger er opphavsrettsleg verna, kan i tillegg lastast ned og skrivast ut.