«Takk, kjære Ivar» – ein analyse på mitt hjartespråk

Denne eksamensoppgåva i norsk av Kathrine Tranøy frå 2017 blei kåra til Noregs beste av juryen for Oos’ legat.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

”Takk, kjære Ivar” er ein tale av 23 år gamle Thea Idsøe. Den blei heldt 6.desember 2013 i samanheng med det offisielle Språkåret sitt avslutningsarrangement på Ivar Aasen-tunet i Ørstra. Dette er ein tale som set lys på viktigheita av å ha nynorsk som eit skriftspråk, samstundes som den får fram viktigheita av å kunne uttrykke seg på sitt ”hjartespråk”.

Denne talen har både ein appellativ funksjon og ein ekspressiv funksjon. Den fortel om forfattaren sine kjensler, men har også som formål å argumentere for viktigheita av språket. Gjennom å fortelje om sine opplevingar med nynorsk, får ho fram takksemda ho har overfor målforma og viktigheita av å ha eit språk å kunne uttrykke seg på. I tillegg støttar ho opp om at Noreg er eit fleirspråkleg land som treng språkleg mangfald, slik at alle kan nytte sitt hjartespråk til å uttrykke seg. Bodskapen hennar er altså at å ha eit språk å uttrykke seg på er viktig, og eg tolkar det også som eit slag for å bevare nynorsken.

Thea har vurdert kairos nøye når ho heldt denne talen. Den blei skrive i samband med Ivar Aasen sitt 200-årsjubileum, og difor passa det særs bra at ho valde å skrive ”direkte” til Ivar Aasen. Talen handlar om kjærleik til språket og nynorsken, noko som passa bra i samband med Språkåret 2013. I tillegg har ho trekt inn aktuelle saker, som innvandring og minoritetsgrupper, demokrati og makt. Det kan også sjåast i samanheng med debatten om nynorsk i skulen, fordi ho argumenterer for at nynorsken må få leve. At ho valde å bruke så korrekt nynorsk er sjølvsagt heller ikkje tilfeldig. Tilhøyrarane var truleg alle interessert i språk, og dermed hadde dei eit krav om korrekt språkbruk. Talen oppfyller altså kravet til aptum.

Denne talen er først og fremst særs patosfylt, der kjærleik og takksemd er ein raud tråd. Den spelar på kjærleik til Ivar Aasen, til nynorsk, til språkleg mangfald og til språk generelt. Takksemda er retta mot Ivar Aasen som har ”ofra fleire tusen mil, og enno fleire kaloriar” for at ho skulle få eit språk som kunne uttrykke det ho har å seie, samstundes som ho uttrykker takksemd for demokratiet og for at alle språk får moglegheita til å utfalde seg. Ho bruker fellesskapsargumentasjon for å skape eit fellesskap blant nynorskbrukarane, men også blant alle oss som brukar språket. Ho bruker ordet ”hjartespråk” om menneska sine morsmål, noko som forsterkar patosen og gjer at også innvandrarar og folk frå minoritetsgrupper kan bli varm om hjarte av denne talen.

Thea har valt å vende seg direkte til Ivar Aasen, omtala som berre Ivar, i talen sin. I fem av avsnitta snakkar ho direkte til ”han”. Bruken av dei personlege pronomena ”eg” og ”du” (Ivar Aasen) forsterkar dette, og skapar nærmast ein rørande stemning. Dette er sjølvsagt nok eit verkemiddel for å skape patos, då Ivar Aasen er daud og ikkje kan høyre talen sjølv. Takken til Ivar Aasen kan nemleg også  røre ved nynorsk-entusiastar, som gjerne kan oppfatte talen som ein takk for at dei har bidrege til å la nynorsken leve. Effekten av å vende seg direkte til Ivar Aasen kan også vere å få fram nærleik til skriftspråket. Thea gir nynorsken eit andlet og knyt kjærleiken ho har til nynorsk saman med kjærleiken til eit menneske. ”Trass i at du ikkje kjenner meg, så kjenner eg deg, di historie og ditt livsverk. Det er takka vere det at eg kan sjå meg fritt omkring. I kveld vil eg takka deg.” Dette sitatet viser den betydinga Ivar Aasen har hatt, som har ført til at menneske kan kjenne seg fri.

I tillegg til at talen til Thea er patosfylt, klarer ho gjennom fleire verkemiddel å byggje opp sin etos. For det første fortel Thea om sine eigne erfaringar som nynorskbrukar. Ut i frå dette sitatet: ”Dette gjorde du for at avstanden mellom mitt talte og skrivne ord skulle vere minst mogleg (…) Du fann og systematiserte hjartespråket mitt” tolkar eg det som at ho kjem frå eit område med ei dialekt som liknar nynorsk. Difor trur vi på henne når ho seier at ho ikkje kunne uttrykt seg like fritt på noko anna skriftspråk. For det andre er talen skriven på gjennomført, feilfri nynorsk. Dette tyder på at ho verkeleg har jobba for og brenn for denne målforma, og at ho også mest sannsynleg har høgare utdanning. Dette kjem fram i måten ho har formulert talen på, med nøye vurdert ordval og bruk av retoriske verkemiddel.

Denne formodninga om at ho har høgare utdanning kjem ikkje berre av at ho skriv godt generelt, men det kjem også av at ho er sakleg og så smått viser til kunnskap. Sitatet frå Tarjei Vesaas til Ivar Aasen, som ho bruker i byrjinga, viser at ho byggjer refleksjonane sine på fakta, noko som også gir teksten ein logosfunksjon. Kunnskap og fakta er riktig nok ikkje noko som er tungt vektlagt i denne talen, då det ikkje er naudsynt for å få fram bodskapen. Likevel nemner ho at Ivar Aasen er 200 år i år og at Noreg har eit språkleg mangfald med til dømes svensk, kvensk, samisk, nynorsk og bokmål, noko som begge er relevant og viktig.

Konsekvensargumentasjon har Thea brukt flittig gjennom talen. Dette har ho bevisst brukt for å få fram viktigheita av språk, og meir spesifikt, eit språk nært ”hjartespråket”. Utan nynorsk hadde ho vore fattigare, tunga ville vore kløyvd mellom det ho sa og det ho skreiv, identiteten hadde vore svakare osv. Ho seier mellom anna i byrjinga at ”Det er takka vere det at eg kan sjå meg fritt omkring”. Her seier ho indirekte at dersom ho ikkje kunne brukt nynorsk, hadde ho ikkje følt seg like fri. Vidare bruker ho konsekvensargumentasjon for å få fram at språk er viktig: ”så lenge eg ikkje får formidla dei (tankar og idear) så kjem eg ingen veg. Språket er mitt vikitgaste verktøy for å lukkast som menneske”. Ho meiner altså at dersom vi ikkje har språk, så kan ikkje menneska lukkast. Fornuftsargument blir også brukt, fordi ho seier at det er fornuftig å la folk få nytte hjartespråket sitt og det er fornuft å ha moglegheit til å nytte nynorsk. Det styrkar demokratiet, då folk lettare kan få fram argumenta sine.

Thea nyttar også andre verkemiddel for å få fram bodskapen sin. Anaforar, altså gjentaking av ein del av ein setning, er særs vanleg i talar. Dette nyttar også Thea: ”Språk gir meg makt/ språk gir meg sjansen/språk er lidenskap” og ”Vi har feira deg/Vi har feira demokratiet”. Effekten av dette er ein rytme og understreking av det som er viktig. Dette skapar fokus hos lyttarane. Gjentaking bruker ho også ved å starte nokre avsnitt med ”Kjære Ivar”, som får fram ”konstruksjonen” av talen hennar, i tillegg til gjentaking av ordet ”hjartespråk” og ordet rikdom (”Det er ein rikdom, ein rikdom vi bør feire kvar einaste dag”). Dette er ein positiv tale, noko ho skaper ved å bruke mange positivt ladde ord (takka deg, lukkast, rikdom.. ). Retoriske spørsmål blir også nytta: ”Kjære Ivar. Korleis ville kvardagen min vore utan deg?”.

Med denne talen har Thea fått fram ei viktig side i notidas språkdebatt. Ho har gjennom retoriske grep fått fram kjærleik for ei målform som mange hevdar er i fare for å døy ut. Eg trur denne talen er viktig for folk som til dagleg berre nyttar bokmål. Den kan få folk til å opne augo og sjå situasjonen frå oss nynorsk-brukarar sitt perspektiv. Thea viser at språk er viktig, anten du snakkar kvensk, svensk, dansk, bokmål eller nynorsk. Det som betyr noko er å få lov til å bruke sitt hjartespråk. Takk, Ivar Aasen.

KJELDER:

Jansson, Benthe Kolberg m.fl: Tema 3, Samlaget 2003, utg.8

LES FLEIRE GODE EKSAMENSSVAR HER!

Vann med eksamensoppgåve

I 2017 fekk VG3-elevane på studieførebuande velja mellom tre langsvaroppgåver på eksamen i norsk hovudmål (ekstern lenkje).

Kathrine valde oppgåve 3: Analyse av Thea Idsøes tale «Takk kjære Ivar». «Analyser talen. Bruk omgrep frå retorikken».

Kathrine Tranøy peiker heilt korrekt på at appell og patos er to berande retoriske omgrep i talen. Ho viser overtydande kunnskap om og forståing av korleis Ivar Aasens språkarbeid heng saman med utviklinga av norsk identitet og nasjonalkjensle og er ein viktig del av norsk språkhistorie og demokratiutvikling, skriv juryen om oppgåva til Kathrine.

– Oppgåva trefte meg veldig. Debatten om nynorsk og bokmål står sterkt i skolen, og det blir mykje snakka om. Eg er glad i retorikk, hadde jobba mykje med det, og syntes det var kjekt å analysere. Det var ingen av dei andre oppgåvene eg kunne tenkt meg å skrive, seier Kathrine om valet av oppgåve.

Sjå svaret til Kathrine Tranøy på kortsvaroppgåva her!

Les intervjuet med vinnarane her!