Kortsvaroppgåve: Autobahn

Framtida
Publisert
Oppdatert 30.04.2018 13:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Autobahn

Diktet ”Autobahn” frå samlinga ”Pusteøvelse” er skrive av Rolf Jacobsen og blei gjeve ut i 1975. Det inneheld ei rekkje modernistiske trekk.

Diktet har ei fri form, noko som er typisk for modernismen. Alle strofene inneheld tre verselinjer, der den siste verselinja er den same i alle. Dette kan vere for å understreke bodskapen. Utanom dette er det ikkje nokre faste reglar eller mønster. Linjedelinga kan oppfattast som ulogisk. Punktum blir berre nytta av og til og blir plassert midt i verselinjene. Der du forventar spørjeteikn (”Hva flykter du fra”) er det punktum.

Vidare skildrar innhaldet i diktet tilværa og sjelelivet til eit individ. Gjennom hans tankar og oppfatningar ser vi korleis han har det, noko som er typisk modernismen. Ein teknikk som blir nytta til dette er ”stream of consciousness”, som også blir nytta i ”Autobahn”. Tankane kjem som ein straum. Det er ein negativ og dyster stemning over diktet. ”Autobahn” kan vere ein allegori på livet, som individet ser på som meiningslaust. Alt ”forsvinner bakover og blir borte” både langs ”die Autobahn” og i livet. Det inneheld altså det eksistensielle spørsmålet: ”Kva er meininga med livet?”. Tema som einsemd, framandkjensle, flykt og likegyldigheit kjem fram, som er nok eit teikn på ein modernistisk tekst. Fleire språklege verkemiddel blir nytta, som metaforar (natten = døden) og besjeling (”magre skogfronter kommer marsjerende”). Slike poetiske verkemiddel er også karakteristisk.

For å oppsummere, ser vi at Rolf Jacobsen ”Autobahn” inneheld dei fleste kjenneteikna på modernistisk dikting, både når det gjeld form og innhald.

Skreiv Noregs beste norskeksamen

I 2017 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål (ekstern lenkje), der dei skulle gjer greie for modernistiske trekk i diktet Autobahn av Rolf Jacobsen, og skrive om både form og innhald, og bruke relevant fagspråk og
eksempel frå teksten.

Les langsvaroppgåva til Kathrine Tranøy her!

Les intervjuet med vinnarane av Oos’ legat her!