– Stoltenberg er ein klimatrussel

Leiaren i Changemaker vil gjera Noreg uavhengig av olja.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag blir boka ”Klimaparadokset” lansert. Kjetil B. Alstadheim har intervjua Jens Stoltenberg om det tilsynelatande paradokset om at han forsvarar norsk oljeutvinning samstundes som har internasjonalt går inn for strengare klimatiltak.

I helga blei statsministeren intervjua i BT Magasinet. Ifølgje Stoltenberg vil det å la vere å utvikla norske oljefelt har ein kostnad på 1000 kroner eller meir per tonn CO2, i motsetnad til regnskogsvern, som gjev den same reduksjonen for 30 kroner tonnet.

– Eg vil meina at det ville vore heilt meiningslaust overfor klimaet viss eg skulle seia at "vi vel det absolutt dyraste i heile verda"! sa Stoltenberg, her attgjeve på bt.no.

Reagerer
Markus Nilsen, leiar i Changemaker, seier han er sjokkert.

– Utvinning og forbrenning av olje og gass er ein av hovudårsakene til klimaendringane. Å påstå at det kostar pengar å la norske oljeressursar vera i fred er absurd. Det er tvert om kanskje det mest kostnadseffektive strakstiltaket me har, seier Nilsen i ei pressemelding.

LES SISTE NYTT OM KLIMAKAMPEN!

– Noreg har, som eit rikt land med store naturressursar, eit unikt høve til å ta leiinga i kampen mot klimaendringane. Det som får ned klimagassutslipp er investering, forsking og utvikling av fornybare energikjelder, ikkje ein politikk som legg opp til maksimal utnytting av alle fossile ressursar, seier Nilsen.

Kamp mot fattigdom
Til Bergens Tidende argumenterte Stoltenberg for at Noreg må arbeida for å løyse både klima- og fattigdomsproblemet samstundes, og meiner at ein reduksjon av oljeproduksjonen i Noreg vil føra til mindre energi tilgjengeleg for utvikling i den fattige delen av verda.

– Det er ikkje slik at dei fattigaste får glede av norsk olje og gass. 99 prosent av eksporten av norsk olje og gass gjekk til USA og EU i fjor. Diverre er det heller slik at dei med minst ressursar i verda er dei som har minst høve til å tilpasse seg klimaendringane og merkar konsekvensane hardast, meiner Nilsen.