Jærrådet ber regjeringa gjera om pelsdyr-vedtak
Dei fem kommunane i Jærrådet vil be regjeringa gjera om vedtaket om å forby pelsdyroppdrett innan 2025.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det fortel Jærbladet etter at saka blei drøfta på møtet i Jærrådet fredag.
Under ordskiftet kom det fram fleire argument om kvifor pelsdyrnæringa bør få halda fram.
Rådmann i Hå, Anne Berit Berge Ims, viste til at pelsdyr er ei viktig næring på Jæren og at det får mange ringverknader dersom næringa må avviklast. Ho peikte samtidig på at dei fleste gardane som driv med pelsdyr er små, og at det ikkje er å så enkelt å leggja om til andre typar produksjon som mange hevdar.
- Les også: Pelsdyrnæringa skal avviklas
– Kan ikkje forby alt me ikkje likar
Hå-rådmannen etterlyste også ein pelsdyrdebatt som baserer seg meir på fakta enn på følelsar.
Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) tok òg til orde for ei anna tilnærming i debatten.
– Sjølv om ein ikkje likar delar av næringa, kan me ikkje forby alt me ikkje likar. Me må ha meir søkjelys på dyrevelferd og luka ut dei som ikkje er seriøse, sa Wirak, ifylgje Jærbladet under debatten.
Dei fem kommunane som er med i Jærrådet er Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes.
- Les også: Pelsdyravvikling har få ringverknader