Pelsdyrnæringa skal avviklast

Regjeringa vil gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa innan 2025. Motstandarane jublar, mens pelsdyrbønder fortviler.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det blir tatt sikte på å fremje eit lovforslag til Stortinget om forbod mot pelsdyrhald. Det vil bli ei avviklingsperiode for eksisterande produsentar fram til årsskiftet 2024/2025, heiter det i den såkalla Jeløya-plattforma.

– Eg trur ikkje vi hadde fått gjennomslag for ei avvikling av pelsnæringa utanfor regjering, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Venstre får skryt

Ikkje uventa haustar avgjerda jubel hos motstandarane av pelsdyroppdrett.

– Det er heilt fantastisk at Venstre prioriterer omsynet til pelsdyr som lir i tronge bur. NOAH har kjempa i 28 år for dette. Vi er utruleg glade for at politikarane endeleg høyrer på veterinærfaglege råd og opinionen i denne saka, seier leiar i NOAH, Siri Martinsen.

Både Erna Solberg og Siv Jensen seier til NTB at avviklinga av pelsdyrnæringa var ein av dei vanskelegaste sakene for dei å svelge.

Fortvilte oppdrettarar

Blant dei som er skuffa, er mange pelsdyrbønder.

– Dette er veldig alvorleg, og vi er svært skuffa over å bli ofra på denne måten, seier styreleiar i Norges Pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem, til NRK.

På landsbasis jobbar opp mot 200 bønder med pelsdyroppdrett, ifølgje kanalen.

– Siste ord er definitivt ikkje sagt i denne saka. No skal vi legge ein plan, og har håp om at vi skal klare å komme oss rundt dette, seier Skadsem.

Kompensasjonsordninga for dei som driver med pelsdyr, skal bli greidd ut og vere klar i 2018, ifølgje regjeringa.