Talet på pelsdyrgardar i Noreg er halvert på berre ti år, frå 490 i 2007 til 245 i fjor.

NPK-NTB
NPK-NTB

Då næringa var på topp i 1990, var talet 1.277.

Eitt av fylka som har merka nedgangen er Aust-Agder, der talet på gardar som driv med pelsdyroppdrett er redusert med 80 prosent på 15 år, melder NRK. No er det berre seks pelsdyroppdrettarar igjen, av i alt 29 ved tusenårsskiftet.

Grunnen til at så mange gardar legg ned er fallande etterspørsel etter pels.

Olav Magne Kvisli frå Vegårshei, ein av dei seks oppdrettarane som er igjen i Aust-Agder, meiner eit stadig større internasjonalt negativt fokus på pelsdyrdrift må ta mykje av skulda for nedgangen. Han seier at mange er interesserte i å begynne, men vegrar seg fordi framtida er usikker.

– Det er stadig nye krav til drifta, og ei uvisse og vingling frå politikarane om vi skal få lov til å fortsette med pelsdyr eller ikkje, seier Kvisli.

– Ein kan jo ikkje starte med ei næring som ein i neste omgang kan risikere blir nedlagt.

LES OGSÅ: Frå pels til hjorteoppdrett

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE