Strengare krav til pelsdyrnæringa

Landbruks- og matdepartementet vedtok fredag nye reglar som gjev strengare krav til pelsdyrnæringa, mellom anna eit særskilt dyrevelferdsprogram for minkbønder.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skjer etter ei oppmoding frå Stortinget i januar.

– Næringa har lagt fram eit utkast til dyrevelferdsprogram, som har vore ute på høyring. Det må gjerast visse endringar i dette før det kan godkjennast. Dette vil eg ha dialog med næringa om, seier Dale.

I mars bad Landbruks- og matdepartementet Norges Bondelag, Pelsdyralslag og Småbrukarlaget om å utarbeida eit regelverk som har eit generelt forbod mot gruppehald av mink, men som opnar for gruppehald på gardar som er med i eit dyrevelferdsprogram som oppfyller strenge krav til dyrevelferd.

Pelsdyrnæringa har føreslege at Norges Pelsdyralslag skal avgjera om kravet til deltaking i dyrevelferdsprogrammet er oppfylt, men i forskrifta som no er vedteken, er det Mattilsynet som har fått dette ansvaret.

– Mattilsynet må også føra tilsyn med at programmet blir etterlevd. Etter at programmet er godkjent og sett i verk, vil eg ha ei tidleg evaluering og vurdering av forbetringar. Eg legg derfor opp til at første godkjenninga berre blir for år, seier Dale.

Det er også fastsett krav til dokumentasjon av tiltak som gjeld tilsyn og stell av dyra.