Russisk datafirma satsar ein milliard på utvinning av Bitcoin i Alvdal

New Mining Company vil byggja dataserverar i Kjell Aukrust-bygda i Hedmark.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her vil russisk datafirma satsa på utvinning av Bitcoin

Dei første maskinene skal vere på plass allereie i februar neste år, og deretter skal serverparken utvidast det nærmaste året.

– Vi lever midt i ein teknologisk revolusjon og må posisjonere oss mot ei teknologisk framtid, seier Arild Løvik i Nordavind DC Sites til NRK.

Nordavind DC, som skal byggje datasentera, er eigd av fleire kommunar og kraftselskap i Hedmark.

Russarane har funne ut at Alvdal og Tynset er perfekte stader å plassere dei kraftige dataserverane ettersom dei kan by på eit kaldt klima skjerma for naturkatastrofar og med eit godt utvikla fibernett.

I tillegg talte det til fordel for nordmennene at dei raskt svarte på førespurnaden frå russarane samtidig som dei kunne levere nok fornybar energi.

Selskapet New Mining Company har som mål å skape 10–15 arbeidsplassar i 2018, og opp mot 50 arbeidsplassar i 2019. Selskapet vil investere rundt 30 millionar euro neste år, og ytterlegare 75 millionar euro i 2019.

Les meir om Bitcoin her: