Dette bør du ete for å unngå psykiske lidingar
Kosthald og diett påverkar mental helse hjå unge vaksne annleis enn eldre vaksne, ifølgje ny amerikansk forsking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lina Begdache, assisterande professor i helse og velvære ved Binghamton University i USA har saman med andre forskarar gjennomført ei anonym internettundersøking som ber folk i heile verda om å svare på spørsmål om mat og humør.
Svara gjorde det klart at humør hos unge vaksne, frå 18 til 29, synest å vera avhengig av mat som aukar tilgjenget av nevrotransmitterforløparar og konsentrasjonar i hjernen, noko som stort sett betyr kjøt.
Humøret hjå vaksne vaksne, dei over 30 år, var meir avhengig av mat som aukar talet på antioksidantar – som regel frukt – og å halde seg vekke frå mat som har dårleg effekt på det sympatiske nervesystemet, som kaffi og mat med høg glykemisk indeks, samt å hoppa over frukost.
Til dømes WHO har lenge hevda at til dømes å få i seg nok protein er essensielt for godt humør, men den nyare forskinga skil altså skarpt mellom behova til unge og eldre vaksne.
- LES OGSÅ: Nordmenn et mindre kjøt
– Eit av dei viktigaste funna i denne artikkelen er at diett og kosthaldsmetodar ulikt påverkar mental helse hos unge vaksne mot vaksne vaksne, sa Begdache på nettsida til universitetet.
Unge vaksne ser ut til å vere kjenslevar for oppbygging av kjemikaliar i hjernen. Regelmessig forbruk av kjøt fører til oppbyggjing av to av desse, serotonin og dopamin, kjende for å fremja humør. Regelmessig mosjon hjelper òg med dette. Forskinga synte at unge vaksne som åt ein eller anna type kjøt mindre enn tre gonger i veka og trena mindre enn tre gonger i veka, fekk større sjanse for å få psykiske lidingar.
– Humøret til vaksne verkar å vere meir kjenslevart for vanleg forbruk av kjelder til antioksidantar og å halde seg unna mat som uhensiktsmessig aktiverer den medfødde kamp-eller-flyktresponsen, kjend som stressresponsen, føydde Begdache til.
Aldring gjev ei auke i danninga av frie radikalar, eller oksidantar, slik at behovet vårt for antioksidantar aukar. Frie radikalar uroar hjernen, noko som aukar risikoen for psykisk liding. Det reduserar òg evna vår til å regulera stress, gjer forskinga det klart.
- LES OGSÅ: Kjøt kan vere like sunt som fisk