Drømmestipendet aukar med 500.000 kroner
Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd har sidan 2004 delt ut Drømmestipendet til unge kulturutøvarar. I 2018 aukar dei potten frå 1. million til 1,5 million kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det vil sei at kvart enkelt stipend aukar frå 10.000 kroner til 15.000 kroner, heiter det i ei pressemelding frå Norsk kulturskoleråd.
Ei anna endring som trør i kraft i 2018 er at kommunane kan nominere så mange unge kulturutøvarar dei vil til stipendet. Tidlegare har det berre vore mogleg å nominere sju per kommune.
- LES OGSÅ: Drakejenta
Utøvarane som kan bli nominerte til stipendet kan drive med dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og anna. Nedre aldersgrense er 13 år, øvre aldersgrense er 20 år.