Var einsam – ei melding endra alt
27 år gamle Patrick gjekk gjennom den hardaste tida i livet, og hadde ingen å dele det med. Så tok livet ei heilomvending.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ei Jodel-melding endra livet til danske Patrick Cakirli
Saka var først på trykk hjå ABC Nyheter.
Danske Patrick Cakirli skreiv førre veke om den hjartevarmande historia si på nettstaden Boredpanda. På nettstaden skreiv han at han har levd meir enn halve livet sitt på ulike barneheimar, og at barndomen var prega av nederlag, usikkerheit og ei kjensle av å ikkje ha nokon identitet.
I september i fjor byrja livet hans å rakna, etter kjærasten han hadde var utru og forlot han.
Overveldande respons
Men så hende det som skulle endre alt: I desember det same året, skreiv Patrick ei melding på den anonyme meldingsappen Jodel:
I meldinga stod det: «Eg er desperat etter å møta nye menneske. Eg er einsam og går gjennom den vanskelegaste tida i livet mitt. Eg sit på trappene framfor rådhuset frå kl. 14-20 . Eg har på meg svarte bukser og ein North Face-sekk.»
Og til Patricks store forundring var det ikkje berre ein eller to, men 13 andre framande som møtte opp. Dei nye venene hans avsløra at dei òg hadde kjend seg einsame, men at dei ikkje hadde tora å snakka om det til nokon.
Starta Facebook-grupper
I ettertid fortalte Patrick til den danske kanalen TV2 Lorry at han og dei 13 nye venene hans den kvelden bestemde seg for å gjere noko for å for å kjempe mot einsemd blant unge. Det vart til Facebook-gruppene Smilet Danmark, Smilet Fyn, Smilet Sjælland, Smilet Midtjylland og Smilet Sønderjylland.
Historia gjekk først viralt i Danmark, og seinare på utanlandske nettstader som The Independent og Mirror.
Patrick har no slutta på skulen og dedikert livet sitt til å hjelpe andre med å snakke ut om einsemda.
- LES OGSÅ: Er einsemd like skadeleg som røyking?