Éi av fem jenter onanerer aldri
Store onani-forskjellar mellom jenter og gutar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mange jenter onanerer aldri
Blant jenter i alderen 17 til 20 år er det 21 prosent som seier at dei aldri onanerer. Det viser ei undersøking Norstat har utført for NRK. Berre seks prosent av gutane svarer det same.
– Eg synest det er trist. I dag er mange opptatt av å ha bra sex, men skal ein ha god sex med andre, er det viktig å kjenna seg sjølv, seier Trude Slettvoll Lien frå Sex og samfunn til NRK P3.
I P3-serien «Line fikser kroppen» har programleiar Line Elvsåshagen si eiga onaniveke.
– I dag er det som «onani» er eit hemmeleg ord, og det blir heilt stille i rommet dersom det blir sagt høgt. Å onanera er heilt naturleg, så kvifor ikkje snakka om det? seier ho til NRK.
Ifølgje undersøkinga er det 33 prosent av jentene som onanerer minst ein gong i løpet av veka, medan 72 prosent av gutane gjer det like ofte.