– Unge har mindre sex enn tidlegare generasjonar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Unge har mindre sex enn tidlegare

Ny studie motbeviser at «Tinder-generasjonen» har meir sex enn sine forgjengarar. Tvert imot har unge i dag langt mindre sex enn unge menneske tidlegare, viser den amerikanske undersøkinga.

Studien undersøkte såkalla «millennials», personar fødde på 1990-talet, og resultata viser at denne generasjonen er den minst seksuelt aktive generasjonen sidan 1930-talet.

LES OGSÅ: Desse studentane har mest sex

– Denne studien motbeviser ideen om at denne generasjonen er ein «hookup-generasjon». Ideen har blitt popularisert gjennom dating-appar som Tinder, som tilseier at unge er ute etter raske forhold og tilfeldig sex, seier Ryne Sherman, ein av forskarane bak studien som er utført ved Florida Atlantic University.

– Vårt datamateriale viser at dette ikkje er tilfelle i det heile. Studien viser at unge i dag ikkje er meir promiskuøse enn sine forgjengarar, seier psykologiprofessoren.

Det er mange og samansette årsaker til dette, ifølgje undersøkinga. Mellom anna peiker studien på meir seksualundervisning, større medvit rundt seksuelt overførbare infeksjonar, enkel tilgang på pornografi og ulike definisjonar av sex på tvers av generasjonar.

Ifølgje undersøkinga hadde 15 prosent av alle 20-24-åringar i USA fødde på 90-talet enno ikkje hatt sex med andre.

LES OGSÅ: Slikking = skam?