Statsbudsjettet: Så mykje studiestøtte får du neste år

Éi veke til i juni 2018.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.10.2017 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I statsbudsjettet for 2018, som finansminister Siv Jensen (Frp) legg fram i dag, føreslår regjeringa å halda fram opptrappinga av studiestøtta til 11 månader.

I år fekk studentane for første gong studiestøtte i juni, tilsvarande éi veke. Neste år skal studentane få studiestøtte tilsvarande éi veke til.

Først i 2020, når opptrappinga til 11 månaders studiestøtte skal vera ferdig, vil studentane få like mykje støtte i juni som i dei andre månadane.

Totalt vil studiestøtta for heiltidsstudentar vera på 111.657 kroner i 2018.

NSO vil ha meir

11 månaders studiestøtte har lenge vore eit sentralt krav frå Norsk studentorganisasjon (NSO). NSO-leiar Mats Johansen Beldo etterlyser likevel ei større satsing på studentøkonomi.

– Med dette budsjettet får studentane ein litt betre økonomisk kvardag, men framleis vil mange vera avhengige av deltidsjobben eller hjelp heimefrå. Skal Noreg bli eit kunnskapssamfunn med høg kvalitet i utdanninga må me investera meir i studentane, seier Beldo.

NSO er også misfornøgde med at regjeringa berre vil gi støtte til 2200 nye studentbustader i 2018. Det er ein nedgang på 300 frå i år, men på same nivå som i 2015 og 2016.

– Me hadde venta meir frå parti som har programfest å auka talet studentbustader. I staden blir det føreslått færre enn i fjor, seier Mats Beldo, som krev 3000 nye studentbustader i året som kjem.

Dette skriv regjeringa i forslaget til statsbudsjett:

«I samsvar med planen for opptrapping mot elleve månader med studiestøtte, som Stortinget slutta seg til ved behandlinga av Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016, vil regjeringa utvide støtteperioden for heiltidsstudentar i høgre utdanning og fagskole med ytterlegare ein kvart månad våren 2018. Halvparten av utvidinga av støtteperioden vil med dette vere gjennomført. Den årlege basisstøtta i 2017–18 vil for heiltidsstudentar dermed vere 111 657 kroner, noko som er nær 8 800 kroner meir enn ho ville ha vore utan dei satsingane som regjeringa har prioritert i samtlege budsjett ho har lagt fram.»