Har avdekt 100 millionar «søppelbitar» i Barentshavet

Cirka 23.000 tonn med søppel ligg på i botnen av Barentshavet, ifølgje forskar i Havforskingsinstituttet. Det dreier seg mest om fiskeutstyr.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein ny publikasjon basert på analysar av videoopptak frå botnkartleggingsprosjektet MAREANO, kjem det fram at det ligg over 100 millionar store og små «søppelbitar» på botnen i Barentshavet. Den samla vekta er anslått til å vere 23.000 tonn.

Søppelet er alt frå plasthanskar, garn, drikkekartongar og plastposar.

– Vi ser tydeleg at det er ein opphoping av søppel i enkelte landskapstypar på havbotnen. Spesielt i djupe dalar og ravinar blir avfallet liggjande utan at det blir frakta vidare med straumane, seier forskar hos Havforskingsinstituttet Lene Buhl-Mortensen.

Også i område med mykje fiskeriaktivitet har forskarar funne mykje søppel på botnen, mykje av det øydelagt fiskeutstyr.

Enkelte stadar noterte Havforskingsinstituttet 6.000 søppelobservasjonar per kvadratkilometer.

– Til samanlikning er det vanleg å få 230 observasjonar per kvadratkilometer på kontinentalsokkelområde i Europa, seier Buhl-Mortensen.