Frankrike forbyr plastposar
Det blir også ulovleg for gamle bilar å køyra i Paris, og enklare for unge å få prevensjon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag, 1. juli, vart fleire nye lovar innførte i Frankrike. Då fekk miljøvernministeren Ségolène Royal gjennom fleire forslag – mellom anna eit forbod mot plastposar som er tynnare enn 0,05 millimeter. I tillegg blir det ulovleg for bilar som er eldre enn 20 år å køyra i Paris, skriv NRK.
Det skal også bli enklare for ungdom å få tak i prevensjon.
Suppression des sacs plastique à usage unique le 1er juillet : pollution majeure de l'#Océan #LoiRoyal #Biodiversité pic.twitter.com/o3MzHmnpYz
— Ségolène Royal (@RoyalSegolene) June 29, 2016
Poseforbruket må ned
Bruken, og ikkje minst kastinga, av plastposar er ei stor kjelde til forureining. Det førte til at EU kom med eit krav om at forbruket av plastposar skal kuttast med 80 prosent innan 2025 i fjor. Det franske forbodet vil bli eit viktig steg på vegen for å nå dette målet, når landet har over 66 millionar innbyggarar.
Plastposane me brukar her heime er tjukkare enn i resten av Europa, som gjer at me brukar mindre plastposar enn Europa elles. Likevel var det ein heftig debatt rundt poseavgift i fjor.
Meir?
Les Are Kalvøs skråblikk på debatten rundt poseavgifta – ein posefri kommentar.
Hawaii prøvde seg på det same forbodet i fjor, som første amerikanske stat.
Ein 21 år gamal nederlendar har ein ganske genial plan for å rydda plastavfall frå verdshava.