«Lykkeland» tar form i Stavanger

Den kommande NRK-serien «Lykkeland» er i gang med innspelinga i Stavanger. Bla deg vidare for å sjå bilete av skodespelarene som skal vera med!

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 09.10.2017 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag fekk norsk presse vere med på første opptaksdag av serien – som skal følgje livet til fire unge menneske når det store oljefunnet blir gjort på norsk sokkel. Serien tar oss innleiingsvis med til Stavanger når kalenderen viser 1969.

– Veslejulaftan 1969 borar Phillips Petroleum seg inn i den største oljebrønnen gjennom tidene – og alt blir endra, heiter det om opptakten.

Dei unge karakterane vi skal få følgje blir spela av Anne Regine Ellingsæter (21), Amund Harboe (20), Malene Wadel (19) og Bart Edwards (29).

– Alle blir på ulikt vis påverka av oljeindustrien, og dei blir påverka av samfunnsendringane som oljefunnet fører med seg: Utviklinga av velferdsstaten, framvekst av likestilling, arbeidsinnvandring, EF-kamp og velstandsutvikling, står det i pressemeldinga.

Det er planlagt åtte episodar som kvar er på 45 minutt, og serien blir produsert av Maipo for NRK. Sendestart er førebels ikkje fastsett, men etter planen blir «Lykkeland» ferdigstilt i 2018.

Mette M. Bølstad har fordjupa seg i oljeeventyret og skrive manuset – mens Petter Næss har regien.

I rollene møter vi også blant andre Per Kjerstad, Pia Tjelta, Vegar Hoel og Mads Sjøgård Pettersen.