NRK snur: «Hjemmebane» blir «Heimebane»

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK og Motlys si nye storsatsing, som opphavleg heitte Hjemmebane, har ein pris på over 70 millionar og vert i desse dagar spelt inn på Høddvoll stadion i Ulsteinvik. Dei ti episodane skal etter planen sendast i januar 2018. Serien handlar om Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp), som kjem til den fiktive fotballklubben Varg som Noregs første kvinnelege trenar på toppnivå for menn.

Hadde dette vore ein ekte fotballkamp, hadde NRK fått raudt – eller i alle fall gult – kort av Sunnmøre Mållag.

– NRK spelar inn «Hjemmebane» på ei heimebane. Sunnmøre Mållag reagerer sterkt på dette og viser til at både Ulstein kommune og ikkje minst Hødd nyttar nynorsk. Derfor burde serien heite «Heimebane», skreiv lokallaget i ein uttale i mai.

BAKGRUNN: Mållaget reagerer på «Hjemmebane»

Også vikarierande språksjef i NRK, Ingvild Bryn, har argumentert for Heimebane, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

I kjølvatnet av kritikken har NRK Drama diskutert namnet på ny og kome fram til å endra det frå Hjemmebane til Heimebane. Sjef i NRK Drama, Ivar Køhn, forklarar at det ikkje først og fremst handlar om bokmål eller nynorsk, men om dialekt.

– I fotball er dialekt og tilhøyrsle til ein stad viktig. Snakkar du trøndersk så heiar du på Rosenborg og snakkar du sørlandsk så er det Start. Dialekt er knytt til identitet, på same måte som fotball, seier Køhn, som forklarar at dialekt speler ei viktig rolle i serien.

Dramasjefen tek seg ikkje nær av kritikken, men er glad for den ekstra merksemda frå målrørsla.

– Namnet har byrja å feste seg og me trur det er ein god serie som forsvarar namnet, avsluttar han.