Aschehoug trekkjer tilbake skulebok med ordet «neger»

Aschehoug fjernar boka «Lek med ord», sist trykt i 2015, der norskelevar blir bedt om å finne ordet som ikkje passar inn: «Gås, høne, hane eller neger»?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg reagerte med vantru, seier lærer Marit Winnæss-Huseby frå Kampen skule i Oslo, til Dagsavisen. Det var ho som oppdaga oppgåva i norskboka for elevar frå 1.–4. klasse.

Aschehoug beklagar at boka, som er ei utgjeving frå 1980, er blitt trykt opp igjen utan at den er blitt redigert.

– Slike ord skal ikkje finnast i våre utgjevingar, og vi beklagar sterkt at vi har sleppt igjennom denne svært uheldige oppgåva, seier redaksjonsleiar Gro Schaathun i Aschehoug Undervisning.

Ho opplyser at det dei siste 37 åra er blitt selt litt over 20.000 eksemplar av boka. På 2000-talet har salet lege på nokre få hundre.

– Vi har no fjerna tittelen frå våre salskanalar – og tittelen er heller ikkje lenger å få kjøpt ved førespurnad til forlaget. Vi arbeider også med å spore opp eventuelle eksemplar i bokhandlar for å tilbakekalle desse, seier Schaathun.