Lite homosex i norske skulebøker

Norske lærebøker skriv berre om heterofil sex, ifølgje professor Åse Røthing. Ho meiner tekstene i skulebøkene bør vere meir inkluderande enn dei er i dag.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lite homosex i skulebøkene

– Bøkene gir ikkje informasjon verken om smittevern eller om seksuell lyst og tilfredsstilling til elevar som ikkje orienterer seg heteroseksuelt, seier Røthing til Dagsavisen.

Ho er professor ved Høgskolen i Østfold og meiner at situasjonen passar dårleg med det norske sjølvbiletet som verdsmeister i homotoleranse.

– Eg trur det er umedvite. Forlaga tenkjer at dei har gjort sitt i samsvar til kompetansemåla i læreplanen, for bøkene skriv om «seksuelle orienteringar». Men tolkinga gjer at det berre blir skrive om forelsking og identitet. Det er påfallande at alt som handlar om «seksuell praksis» berre handlar om heterosex, seier ho.

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) opplyser til avisa at regjeringa jobbar med eit forslag til ei ny universell likestillings- og ikkje-diskrimineringslov. I dette arbeidet vil det bli vurdert om det er behov for endringar i lærebøkene for å motverke diskriminerande haldningar. (©NPK)

LES OGSÅ: Skeivt om skeiv litteratur