Hevdar rasismen berre er fleipete sjargong

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hevdar rasismen berre er fleipete sjargong

Studentavisa Universitas avslørte i vår at fleire tilsette ved Universitetet i Oslo har vorte utsette for rasisme i lang tid. No omtaler avisa ein rapport frå Avdeling for Personalstøtte (AP) som slår fast at rasisme har føregått over tid.

Blant dei rasistiske kommentarane, er at kollegaar har ropt «hold kjeft, din jævla apekatt», og imitert apelydar utanfor kontorvindauget. Dei tilsette sjølve hevdar det er ein del av ein fleipete sjargong mellom kollegaar.

Ikkje fått konsekvensar

Hendingane har ikkje fått disiplinære følgjer for nokon tilsette. AP skriv i rapporten at dei ikkje trur det er føremålsteneleg med personalreaksjonar no, men skriv at fråværet av konflikthandtering har gjort arbeidsmiljøet verre.

AP kjem ikkje fram til at det er etnisk diskriminering på arbeidsplassen, slik nokre tilsette hevdar.

No er saka til handsaming i Likestillings- og diskrimineringsombodet. Universitetsdirektør Gunn-Elin A. Bjørneboe seier tilsette ikkje skal oppleve noka form for rasisme eller trakassering, og at dei har sett i verk tiltak-