Nye retningslinjer om klimatilpassing ut på høyring

Regjeringa vil sikre klare retningslinjer for korleis kommunanes skal tilpasse seg eit våtare og varmare klima i åra framover.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klima- og miljødepartementet har sendt på høyring eit forslag til nye statleg retningslinjer for klimatilpassing i planlegginga.

– Det viktigaste vi gjer, er å få ned klimagassutsleppa. Men vi må også tilpasse oss det endra klimaet som vi allereie opplever og som vi vil oppleve endå kraftigare i åra framover. Retningslinjene vil gi eit tydeleg signal om at klimatilpassing er eit viktig omsyn i planlegginga, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

I ei pressemelding skriv departementet at med framleis raskt aukande klimagassutslepp, kjem Noreg fram mot år 2100 til å få eit varmare klima, med blant anna meir nedbør og hyppigare tilfelle av kraftig nedbør over kort tid.

Klima- og miljødepartementet har jobba saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å utvikle statlege retningslinjer, som skal leggjast til grunn ved statleg, regional og kommunal planlegging.

Høyringsfristen er sett til 1. desember.