I hundre for å gjera Noreg meir økologisk
Etterspurnaden etter økologisk mat aukar. I helga feira Noregs einaste økologiske landbruksskule 100 år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Økologisk mat i Noreg auka omsetnaden med 14 prosent berre første halvår i år. Verdien er no oppe i 1,3 milliardar kroner. Salet av økologiske brød er dobla sidan same periode i fjor, og salet av økologiske poteter har gått opp med 50 prosent, ifølgje Landbruksdirektoratet.
– Sogn Jord- og Hagebruksskule er den einaste heiløkologiske landbruksskulen i landet og har ei viktig rolle i å utdanna framtidas økobønder, seier Elin Rømo Grande i Oikos – Økologisk Norge.
Økoskule feirar 100 år
Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland har allereie vore økologisk i 25 år, og opna i 1917. Det blir sagt skulen var fyrst ute både til å byrja med, og å slutta med kunstgjødsel.
I helga feira skulen 100 år, samstundes som det blei feira at skulen er utbetra og utbygd for 30 millionar kroner. Fleire hundre frå heile landet var med på å feira skulen i helga.
– Vi har 44 elevar dette skuleåret, som utgjer nesten fulle klasser, fortel Spira Svendsen, informasjonsansvarleg ved skulen.
I løpet av 100 år har skulen utdanna 2003 agronomar.
LES OGSÅ: No blir det fleire økobønder
Økologisk framtid
Laurdag var det seminar om framtida for både skulen og økologisk landbruk i Noreg.
– Me treng nye alliansar for å auka produksjon av økologisk mat i Noreg, seier rektor ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aksel Hugo.
Skulen er i samtalar med fleire andre skular om å starta opp opplæring og rådgjeving i økologisk landbruk.
– Når etterspurnaden etter økologisk mat aukar jamt, er det store spørsmålet om ein skal møta dette med import eller auke av produksjonen i Noreg. Dette er eit spørsmål som har blitt tydelegare enn før, og viser at det er viktig å utdanna og vegleia bønder som vil driva økologisk, seier Hugo, og legg til:
– Me kan ikkje gjera dette åleine, difor er det viktig at me er fleire som jobbar saman.
I 2014 var skulen truga av nedlegging, men blei redda i siste liten. Sjå reportasjen vår frå skulen!
LES OGSÅ: Økologisk landbruk mest lønsamt