Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har sagt ja til å gi løyve 20 millionar kroner til vedlikehald av Sogn Jord- og Hagebruksskule.

(NPK):
(NPK):

Eit samrøystes fylkesutval følgde opp vedtaket i opplæringsutvalet, og dermed står det att å få klarsignal frå fylkestinget før Sogn og Fjordane fylkeskommune kan begynne å planleggje det ekstraordinære vedlikehaldsarbeidet ved skulen, skriv Sogn Avis.

Både staten og Aurland kommune vil gå inn med fem millionar kvar i arbeidet, i tillegg har ei veneforeining samla inn vel 800.000 kroner.

Det var lenge strid om kven som skulle dekkje utgiftene til nødvendig opprusting for den einaste fulløkologiske hagebruksskulen i landet. (©NPK)

LES OGSÅ: – Nedlegging vil bli eit tap for heile landet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

ANNONSE