Måling: Fleire vel klima framfor olje

Fleire nordmenn seier dei er villige til å avgrense oljeverksemda for å verne miljøet. 44 mot 42 prosent seier ja til dette, ifølgje ei ny meiningsmåling.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga, utført av Ipsos for Dagbladet, vart deltakarane spurde om dei er villige til å avgrense norsk oljeverksemd for å avgrense utslepp. Av dei 1.002 spurde var 44 prosent for, 42 prosent imot, mens 15 prosent svarte «veit ikkje».

Leiar Truls Gulowsen i Greenpeace seier resultatet er fantastisk.

– Alvoret i dobbeltrolla Noreg har som miljøbevisst nasjon og oljestat, begynner å sive inn hos stadig fleire. At vi no får ein større del som er einige i at vi må avgrense oljeverksemda av omsyn til klima, er veldig positivt, fortset han.

Blant dei som er for miljøvern er 52 prosent kvinner, og 36 prosent menn, mens prosentdelen for dei som imot avgrensing av oljeverksemda er 54 prosent menn og 29 prosent kvinner.

Viljen til å prioritere miljøet er derimot relativt jamt fordelt utover landet. Det er berre på Sørvestlandet at delen som er imot avgrensing av oljeaktivitet er størst.