Kvar er humaniteten, Noreg?

Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mottaket har vore min andre heim i litt over eitt år no, der eg har fått mange vennar og kallenamn som abjieman (systera mi), dustim (vennen min) og lala (kompis/ «bro»). Desse gutane har vorte ein stor del av livet mitt, og eg er veldig glad i dei. Det å sjå den urettferda dei står ovanfor gjer meg vondt, men det å sjå at mitt eige land skal vere ein del av denne urettferda gjer vondt verre.

Eg har over lengre tid vore involvert i sakene deira, fyrst og fremst har eg vore ein dei kan stole på. Dermed har eg fått eit heilt unikt innsyn til eit helvete mange ikkje kan forstille seg. Eg har også lest dokument; sett over asylintervju og vedtak frå UDI, før eg har sendt det vidare til NOAS som kontaktperson. Eg er den som ringer inn for å høyre korleis det går med sakene, om det er noko NOAS kan gjere, og om dei har noko å vidareformidle til gutta mine. Eg er no kontaktperson til fleire gutta enn du kan telje på ei hand, og eg er berre 18.

Reagerer på alderen

Emilie Hansen er venn med fleire mindreårige asylsøkjarar i heimkommunen sin. Foto: privat

Når eg les desse dokumenta er det nokon ting som går igjen som eg reagerer på. Det fyrste er den omstridde alderen til unge flyktningar frå Afghanistan. Mange seier at om du kjem frå Afghanistan kjenner du ikkje til alderen din, du veit ikkje kva tid du vart fødd. Folk seier at dei har ikkje same tradisjonar som oss i vesten. Derfor når ein ung afghanar seier at han veit kva tid han er født, vel UDI å ikkje høyre på det. Dei ber om at vedkomande skal bevise når ein vart født, dei blir bedt for nokon form for dokumentasjon. I desse tilfella blir det ofte spurt om tazkera, afghansk ID-dokument, der det står kven du er, kvar du kjem frå og når du vart født. Om du ikkje har tazkera, blir mangelen på dette dokumentet brukt som grunngjeving for å få gjennomført alderstest. Men om du faktisk har tazkera, er ikkje det tilstrekkelig dokumentasjon, og du må gå igjennom alderstesten uansett. Ein alderstest der du går frå å vere barn til voksen over natta.

Ikkje alle feirar bursdagen sin

Så kva er eigentleg vitsen å spør om ID-dokument om ein vel å ikkje ta stilling til dokumentet i det heile tatt?

Nei, det er ikkje alle som feirar bursdagen sin i Afghanistan, dei har ikkje dei same tradisjonane som i Vesten. Dei eg har snakka med har ikkje hatt noko markering av dagen sin, men likevel veit dei kva tid dei vart fødd fordi mor til vedkomande har skrive ned dato og årstal, ofte på baksida på koranen. Dette er jo ikkje so rart å tenke seg til at det blir gjort heller, om eg ikkje tek heilt feil er det ein stor dag den dagen ei kvinne blir mor, og at dette er ein dag ho vel å notere seg og fortelje vidare til barnet er ikkje så rart, er det vel? I eldre tider i Noreg, gjorde vi det same i salmebøker og i Bibelen. Barna som kjem hit har med andre ord fått oppgitt sin fødselsdato av foreldra sine, og gjev den vidare i god tru på at den stemmer. Og om den ikkje skulle bli trudd, er det utlendingsmyndigheitene som har bevisbyrda i slike saker.

Intervjua over Skype

Det andre eg reagerer på er at fleire av asylintervjua blir gjort over Skype. Kanskje du synast at det er gammaldags av meg å meine at intervju bør bli gjort ansikt til ansikt, men når det er heilt avgjerande for korleis framtida til eit menneske skal sjå ut, synest eg at ein bør gjere alt ein kan for å unngå misforståingar. Det som skjer i Skype intervjua er som regel at det er dårleg internettsamband, vanskeleg å høyre kva som blir sagt, eller at det skurrar litt. I tillegg blir det sakt opptil fleire gongar av den som held intervjuet at «det kan du fortelje meir om seinare om vi har tid». Dette skapar situasjonar med tidspress, der asylsøkaren ikkje får all tida han treng for å få fortalt si historie og grunnen til at akkurat han treng opphald i Noreg, kvifor det er fare for livet hans i Afghanistan. Og det verste med dette er at det igjen blir brukt mot vedkomande, det er ein del av grunngjevinga til at personen får avslag; «du manglar truverde i forklaringa di” fordi du forklarte deg kortfatta.

Alderen til asylsøkjaren blir også kommentert under intervjuet av saksbehandlaren. Kvifor skal ein person som har snakka med vedkomande i eit intervju over Skype få uttale seg om alderen til ein dei ikkje kjenner?

Tvil kjem ikkje vedkomande til gode

Trur eigentleg ikkje det er sunt for meg å lese alle desse vedtaka og grunngjevingane frå UDI, det lys igjennom at målet er å sende flest mogleg tilbake, at der er eit måltal dei må nå, og det gjer meg kvalm. Tvil i saker kjem ikkje lenger vedkomande til gode, men blir i staden brukt mot han. Var det slik vi ville ha det i rettsstaten Noreg?

Dei brukar paragrafar frå utlendingslova og artikkel 3 i EMK, dei skriv kva som står i dei forskjellige punkta, og tolkar det slik at vedkomande ikkje fell under nokon av kategoriane som gjer slik du har rett på vern og asyl i Noreg. Om du er hazara kan du ikkje bli forfølgt på grunn av etnisitet, og om du er pashtunar er det ikkje fare for å bli tvangsverva i Taliban, neida, sjølvsagt ikkje. Om du seier at du nesten vart drepen av familiefienden, og at di mor tryglar deg om å reise, då tenkjer UDI at du har ei mor der og at sidan det er trygt nok for henne å bu der kan du og bu der.

Kulturforståing er avgjerande

Det har ofte vore at eg lurer på om eg og saksbehandlaren har lest dei same intervjua, om vi har sett på dei same lovene. For i dei sakene det skrik inni meg at denne personen treng verkeleg beskyttelse, svarer UDI med at «det finnast ikkje sterke humanitære grunnlag i din sak».  Men kva opplæring får saksbehandlarane? Kulturforståing og barnefagleg kompetanse er heilt avgjerande for utfallet av intervjuet.

Om vedkomande fortel detaljert om kva som er grunnen til at han søkjer asyl i Noreg, fortell om farane og trugsmål om drap, blir ikkje dette trudd. Grunngjevinga «vi meiner» finn du mange stadar i dokumenta. Så mindreårige som har flukta frå heimlanda sine for å berge sine eigne liv, blir ikkje trudde fordi UDI synsar og meiner? Vedtaka frå UDI bør vere basert på kunnskap og fakta frå dagens konfliktbilete, ikkje meiningar og utdaterte kjelder. Det at nokon si meining skal vere avgjerande for framtida til eit anna menneske blir feil.

Blir sendt ut på flukt

Det endar som regel slik. Vedkomande får negativ på sin asylsøknad. Han prøvar å klage med hjelp av advokat, også til NOAS. UDI svarar at dei gjer ikkje om på vedtaket sitt, og sendar saka vidare til UNE. Då må ein vente i mange månadar før ein får svar igjen. Også denne gongen blir svaret negativt. Personen får beskjed at ein har mellom 7-14 dagar på å kome seg ut av landet, om ein ikkje er ute til den tid kjem politiet å hentar vedkomande og tvangsdeporterer han tilbake dit han kom frå.

Dette har skjedd med fleire av mine vennar no. Dei trudde dei hadde kome til tryggleik i Noreg, men blir i staden avvist og sendt ut på flukt. Igjen. Sorg, etterfylgt av uro, redsel, sinne, irritasjon, skuffelse, urettferdigheit og meiningslause. Det er dette eg sit igjen med når dei vert borte. Hovudet blir eit virvar av tunge følelsar som er vanskeleg å få orden på. Tenk korleis det følast når ein då må bu i telt under ei bru i tillegg. Eller er redd for at ein er på feil stad til feil tid under neste eksplosjon i ein by som blir rekna som trygg. Når følelsane får roa seg litt ned, kjem alle spørsmåla.

“Før var eg stolt over landet mitt, no skjemst eg”

Norge, om det var meg, hadde du gjort det same då? Om det var min far som trua med å drepe meg, om det var onklen min som planla å verve meg i grupper der eg måtte drepe, om min tensidet gjorde det farleg for meg å bevege meg ute, ville du då ha avvist mitt rop om hjelp? Ville du då ha sendt meg tilbake til min mishandlande far med grunngjevinga at han er mi familie? Eller til min onkel? Om du var fullt klar over at eg som etnisk minoritet blir forfylgt og drepen, ville du då framleis ha brukt utlendingslova § 29 fyrste ledd og sagt at dette ikkje vart tilfelle?

Ikkje veit eg, men eg håpar at du ville ha trudd meg, tatt vare på meg og passa på meg.

Før var eg stolt over landet mitt, no skjemst eg. Kva skjedde med ideane om at alle menneske er like mykje verdt? Kva skjedde med verdiane som nordmenn kallar sine, dugnadsånd, likestilling, tryggleik og rettferd? Noreg, kvar er humaniteten?